10 filmar å vente på i 2012

Dei tre siste dagane har eg lista opp det beste sett i 2011. Det er på tide å sjå framover i 2012 og alt det nye som kjem. Mange store titlar er allereie klare, og forventingane er høge til desse.

I løpet av sju år med Filmdagbok har eg aldri laga ei slik liste. Det blir spennande å sjå kor mange av titlane som vil dukke opp på topplista om eit år. Desse ti filmane er henta ut av ei liste på rundt tretti som eg har. 2012 kan vise seg å bli eit spennande år med originale sci-fi-filmar. Og eit år der mange kjente regissørar gjer comeback.

  • Antiviral. Brandon Cronenberg er sonen til David Cronenberg. Antiviral er debutfilmen hans og handlar om eit dødeleg virus. Det kan bli bra. (Det kan òg Cosmopolis bli, den nye filmen til faren).
  • Moonrise Kingdom. Wes Anderson sin første live-action film pÃ¥ fem Ã¥r. Eit stjernespekka galleri, mellom anna Bruce Willis og Bill Murray. Uansett handling er dette noko eg ser fram til.
  • The Hobbit: An Unexpected Journey. Neste Ã¥rs store julefilm blir Tolkiens The Hobbit, filmatisert av Peter Jackson. Videobloggar og første trailer har allereie bygd opp skyhøge forventingar.
  • American Pie: High School Reunion. Trettan Ã¥r etter American Pie og ni Ã¥r etter American Wedding er gjengen samla nok ein gong. Eg vaks opp med filmane og har sett dei utallige gonger.
  • Looper. Det har vore stille rundt Rian Johnson i nokre Ã¥r. Sidan The Brothers Bloom i 2008 har Brick-regissøren latt langfilmane vente pÃ¥ seg. Med Looper angrip han sci-fi-sjangeren, og Devin Faraci hjÃ¥ Badass Digest har allereie skrytt ein uferdig versjon opp i skyene.
  • Fuck Up. Gjengen frÃ¥ den norske TV-serien Dag stÃ¥r bÃ¥de bak og framfor kamera i Fuck Up. Som stor fan av Dag er dette ei god nyheit. Traileren lovar ogsÃ¥ godt.
  • Cabin in the Woods. Det blir sagt om Cabin in the Woods at Joss Whedon har gitt horror-sjangeren eit nytt løft. Filmen har allereie gÃ¥tt pÃ¥ festivalar, men kjem ikkje pÃ¥ kino før neste Ã¥r.
  • Jeff Who Lives at Home. Brørne Jay og Mark Duplass har fÃ¥tt med seg Jason Segel i denne komedien. Duplass-brørne er mest kjent for Cyrus som kom i 2010, men har laga fleire gode budsjettkomediar.
  • Chronicle. Ein film eg veit lite om, men som lokkar med ei historie om ungdommar med superkrefter. Ting vil gÃ¥ galt.
  • Gravity. Children of Men-regissør Alfonso Cuarón skal lage sci-fi med George Clooney og Sandra Bullock. Eg har sansen for Children of Men, sci-fi og Sandra Bullock.

20 beste: Filmar i 2011

Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. Du kan lese alle listene på beste film 2011 etter 3. januar 2012.

Dett er lista over dei beste filmane eg såg i 2011, som kom i 2010 eller tidlegare. Rekkjefølgja er kronologisk etter dato filmane blei sett.

20 beste: Filmar frå 2011

Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. Du kan lese alle listene på beste film 2011 etter 3. januar 2012.

I 2011 har eg sett mykje god film. Det beste av det beste er no samla i to lister. Det er ei liste med filmar som kom i 2011, og det er ei liste med andre gode filmar eg har sett i 2011.

I denne lista er det filmar frå 2011. Lista er sortert i alfabetisk rekkjefølgje. At ein film var betre enn alle dei andre hadde forsåvidt vore greitt, men å rangere ti forskjellige filmar blir eit mas. På Filmdagbok likar vi (les: eg) ikkje mas.

  • Atlas Shrugged: Part I (2011) leverte ei god oppbygging til det som er ein tenkt trilogi. Framtida er derimot usikker, dÃ¥ filmen fekk dÃ¥rlege salstal.. Eg lot meg derimot begeistre.
  • Batman: Year One (Video 2011) er den beste, nye animasjonsfilmen eg har sett i 2011. Det er omtrent sÃ¥ bra som Batman og DC Universe Original Animated Movies kan bli.
  • Bridesmaids (2011) kunne eg tenke meg Ã¥ sjÃ¥ igjen før han var ferdig. Med rett manus viser filmen at jentekomedie ogsÃ¥ kan vere vulgære og morosame. Samtidig har filmen hjerte, og Kristen Wiig.
  • Drive (2011) vil hamne pÃ¥ mange topplister, og ikkje utan grunn. Nicolas Winding Refn har bakt ei kake full av spenning, og kaker er gode greier.
  • Hanna (2011) er min favorittfilm for 2011. Sterkt drama og feit vald, hand i hand. Saoirse Ronan fÃ¥r utfolde seg i regissør Joe Wright sitt nærvere, og resultatet er elektrisk. Forøvrig ein av mine favorittregissørar.
  • Midnight in Paris (2011) var Ã¥rets film frÃ¥ Woody Allen. EndÃ¥ ein av mine favorittregissørar, men det betyr ikkje gratisbillett pÃ¥ topplista. Filmen er nok Ã¥rets beste romantiske komedie.
  • Rise of the Planet of the Apes (2011) lurer seg sÃ¥vidt inn pÃ¥ lista. Eg er svak for Planet of the Apes-serien, og dette var den beste blockbusteren i sommar.
  • Source Code (2011). Actionthriller og sci-fi i frisk drakt. Spennande og original.
  • The Lincoln Lawyer (2011) var eit fornuftig filmval av Matthew McConaughey. Ein mann som heller er kjent for forutsigbare, romantiske komediar. Her
  • Win Win (2011) var ein film som gradvis vart betre og betre utover. Ei fin blanding mellom drama og komedie, og eit godt manus.

10 beste: TV-seriar i 2011

Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. Du kan lese alle listene på beste film 2011 etter 3. januar 2012.

I 2011 har eg sett mykje god TV. Det beste av det beste er no samla i ei liste. I lista har eg delt inn i sesongar. Det finst seriar som leverer ein knallsterk førstesesong, og det finst seriar som blir betre utover. Inndelinga i sesongar hjelp difor til å sortere ut det beste. Og difor blir lista betre. Lista er ikkje avgrensa til innhald som er blitt produsert i 2011. Likevel er det mykje nytt. Dei fleste seriane eg har sett i løpet av året har vore nye sesongar av faste seriar.

  • Boss sesong 1. Kelsey Grammer er borgarmeister i Chicago i denne fortreffelege Starz-serien. Den politiske arenaen er senter for eit drama med mange mørke sider. Serien styrer unna politisk debatt, og utmerkar seg heller pÃ¥ framstillinga av det politiske spelet.
  • Bored to Death sesong 3. Tredje sesong av HBO-serien har fÃ¥tt til ein god dynamikk mellom seriens tre sentrale personar. Rolla til kvar enkelt har òg blitt tydelegare. Humoren er framleis pÃ¥ plass. Sesongen er diverre altfor kort.
  • Dag sesong 1. Ã…rets beste komedie. Vekslinga mellom mørk komedie og romantikk ser ut til Ã¥ vere greia for meg, og serien er god pÃ¥ nettopp dette. Og sÃ¥ er sesong 2 er omtrent like god.
  • Breaking Bad sesong 4. Denne serien blir aldri dÃ¥rlegare. Det skjer stadig nye ting. Karakterane utviklar seg endÃ¥. Serien overraskar.
  • Game of Thrones sesong 1. Dette er god TV. Her er ein serie som set krav til at ein heng med pÃ¥ det som blir sagt og gjort. Utbytte blir dÃ¥ stort. Produksjonskvaliteten matchar det gode manuset. Ingen grunn til Ã¥ stille spørsmÃ¥l omkring suksessen.
  • Boardwalk Empire sesong 2. Begeistringa for denne har stige. Eg kom aldri inn i første sesong, men andre er klart listemateriale. Framdrifta og konfliktane har blitt tydelegare.
  • Blue Mountain State sesong 1. Pur moro. BÃ¥de første og andre sesong leverer kompakte sett med episodar som gÃ¥r ned pÃ¥ høgkant. Det er barnsleg, mykje skitten humor og utan ei djupare meining. Men timinga ligg i fingerspissane og gjer serien god pÃ¥ sitt
  • Parks and Recreation sesong 2. I andre sesong har serien framleis ny giv, karakterane er etablerte og kjemien sit som støypt mellom dei. Det er først her personar som Ron Swanson blomstrar for fullt. Den underfundige humoren har komme pÃ¥ plass.
  • Koselig med peis sesong 1. Mørk og dramatisk, men samtidig sÃ¥ god pÃ¥ humor. Noreg sitt svar pÃ¥ danske Riget, men utan mystikken? Dyktige folk formidlar eit dyktig manus.
  • Smallville sesong 10 er siste sesong i serien. Sesongen blir brukt til Ã¥ runde av, og det skjer pÃ¥ ein verdig mÃ¥te. Serien fÃ¥r fleire besøk frÃ¥ fortida, og ein nostalgi-trip er ikkje feil.

Misfits sesong 3

8 episodar.

Misfits er ein britisk ungdomsserie frå E4, underholdningskanalen til Channel 4. Serien handlar om ei gruppe småkriminelle ungdommar som gjer samfunnsteneste. Det spesielle er at ungdommane har overnaturlege krefter. Ei lyn treff gjengen i første episode, og biverknadane er indiviuelle krefter.

Tredje sesong har gjort eit par endringar. Robert Sheehan (Nathan) har blitt erstatta med Joseph Gilgun (Rudy). Ei tidlegare gjesterolle av Matthew McNulty (Seth) har komme tilbake i ei større rolle. Rudy er sesongens beste sjakktrekk og viktig nytt blod. Personlegheita hans skil seg ikkje så mykje frå Nathans, men han er mindre masete.

Utover i sesongen merkar eg at serien går på autopilot. Humoren er på plass, men det gode drama manglar. Dei beste episodane på tvers av alle sesongane er dei som går i djupna på karakterane. Tredje sesong fortel ikkje så mykje nytt.

Skins gjorde tiltak som hindra serien å ende opp som dette. I Skins blei alle bytt ut etter to sesongar, og dette blei gjenteke to sesongar etter det att. Det blei nyleg avslørt at Misfits blir forlenge utan Antonia Thomas (Alisha) og Iwan Rheon (Simon). Misfits kan halde seg viss nye og interessante karakterer blir introdusert, men oppskrifta blir den same.

The Christmas Wish (1998)

IMDb: 6.9/10 from 327 users

Tjuefjerde luke i julekalender 2011 er eit TV-drama med Neil Patrick Harris, Debbie Reynolds og Naomi Watts. Det er passande nok den mest sentimentale av alle bidraga til årets julekalender.

Neil Patrick Harris er komme tilbake til heimbyen. Han har fått permisjon frå jobben i New York grunna bestefaren sin død. Jula nærmar seg og han spør kva bestemora (Reynolds) ønskjer seg. Ho hentar fram ein gammal journal som bestefaren skreiv og viser til eit namn som står skrive, Lillian. Ho ønskjer å få vite kven det var.

The Christmas Wish handlar om å finne ut kven ein sjølv er, like mykje som å finne ut kven andre var og er. Det er ein film fylt med klisjear som fungerer. For eg som er kjent med Neil Patrick Harris frå dei siste åra er det uvant å sjå han i ei seriøs rolle. Men det gjorde meg skjerpa til å sjå om det seriøse fungerte.

Som eit studie i klisjefylt sjangerfilm er det eit lite Mekka. Men eg må òg innrømme at eg blei ganske rørt. Spesielt når filmen er på sitt mest sentimentale. At Harris får følgje av både Watts og Reynolds gir eit stjernepreg som eg set stor pris på. Filmen hadde ikkje vore den same utan.

Julaftan krevde ein spesiell film. The Christmas Wish blei eit tilfeldig bidrag til julekalenderen. Eg snubla over filmen medan eg gjorde forarbeid til innlegget om The Great Rupert, også kalla A Christmas Wish, og klarte ikkje motstå.

Per i dag er filmen del av ABC Family’s 25 Days of Christmas, ABCs nedteljing til jul pÃ¥ TV-nettverket. Han vart laga av Feature Films for Families i 1998 for Ã¥ sendast pÃ¥ CBS, og formatet er 1.33:1. Eit takk i rulleteksten etter filmen lyder slik: «Thank you for supporting films that lift the spirit and teach timeless values».

7/10

Twas the Night Before Mxymas (TV-episode)

Tjuetredje luke i julekalender 2011 er ein enkeltepisode frå TV-serien Lois & Clark: The New Adventures of Superman. 11. episode frå 4. sesong med tittelen Twas the Night Before Mxymas er ein lettversjon av Groundhog Day.

Ein skurk frå den femte dimensjonen kjem til Metropolis og vil ta over verda. Han får julaftan til å gjenta seg, og Supermann er den einaste som veit det. For kvar gong dagen startar på nytt mistar folk håp og glede meir og meir.

Som fan av Lois & Clark har eg sett episoden før, men det er nok nærare femtan år sidan. Likevel er dette den enkeltepisoden ut av alle seriar eg har sett som eg hugsar best. Til og med måten dei blei kvitt skurken på hugsa eg.

Twas the Night Before Mxymas passar godt inn i kalenderen sidan handlinga skjer på julaftan. Då det sentrale tema er håp blir det dobbel pott. Som brorparten av denne TV-serien fungerer episoden åleine. Men det er ein klar fordel om du kjenner karakterane frå før.

Eg kan vanskeleg rangere episoden på ein karakterskala. For meg er dette nostalgi, og det har sin eigen verdi. I julekalenderen i år har eg i størst grad oppsøkt usette filmar. Nostalgi og tradisjonar har difor fått liten plass. For mange er gjensyn med kjente filmar ein viktig del av tida rundt jul og nyttår. Sjølv om julekalenderen min ikkje speglar eit slikt bilde, er gjensyna noko eg sjølv set stor pris på. Men for meg har det størst verdi når det skjer på julaftan eller seinare, og helst på TV.

Refleksjonane fekk du i nest siste luke. I morgon er det julaftan, då kjem den siste julefilmen på Filmdagbok på ei stund.

Miracle on 34th Street (1947)

IMDb: 7.9/10 from 15,692 users

Tjueandre luke i julekalender 2011 handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettsak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakerst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for Ã¥ fÃ¥ folk til og tru pÃ¥ han igjen. I byen skapar han glede for bÃ¥de smÃ¥ og store. Som julenisse pÃ¥ kjøpesenteret Macy’s blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig pÃ¥stÃ¥r det blir eit problem, og a blir til b blir til rettsak.

Gode erfaringar med eldre rettsakfilmar gjer at ofte lyser opp når ein film tek den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små begiveneheiter.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekkjer og passar godt nære jul.

7/10

The Great Rupert (1950)

IMDb:6.4/10 from 316 users

Tjueførste luke i julekalender 2011 er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som trivdes i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flyttar familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av intet regnar det 1500 dollar.

Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå intet, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sannheiten om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blandar karma inn. Karma er øydeleggande.

På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Eit tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir difor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.

Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i stop motion og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor cinematisk oppleving. Det er òg lite av gleden og sorgen som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.

Eg nølar med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne

6/10

The Nightmare Before Christmas (1993)

IMDb: 8.0/10 from 100,630 users

Tjuande luke i julekalender 2011 er førjulsmarerittet til Tim Burton. Prosjektet var påtenkt allereie i 1982, men det tok ni år før filmen blei realisert.

Historia startar i Halloween-byen. Jack Skellington er graskarkongen og den mest skremmande skapningen i byen. Året rundt går med til planlegging av neste års halloween. Men åra har gjort Jack lei av høgtida. I flukt frå byen oppdagar han jula, og han vil introdusere den nye høgtida for medborgarane sine.

Stop-motion-regissøren Henry Selick og komponisten Danny Elfman var med å lage The Nightmare Before Christmas. For filmen betyr dette kvalitet. Selick har fått fram visjonen som utan tvil er Burtons. Elfman har treft med stemningsbyggande musikk, og bidreg òg som Jacks songstemme.

På korte 80 minuttar får du ein høgtidsfilm som passar både jul og halloween. Animasjon som uttrykksform har alltid passa rundt juletider for meg. Jon Blund i adventskalenderen Jul i skomakergata, Disney-filmar og Flåklypa Grand Prix på julaftan har sett spor.

Praksisen med stop-motion rundt juletider har etablert seg. TV-serien Community dediserte ein episode før jul i fjor, og eit innslag er med i årsaktuelle A Very Harold and Kumar Christmas. The Nightmare Before Christmas får meg i julestemning. Så enkelt er det. Dei fleste som har sett ein film eller to kjenner til filmen. For alle andre er det berre for meg å anbefale han.

7/10
1 / 1951234...10...195