Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. Du kan lese alle listene på beste film 2011 etter 3. januar 2012.
I 2011 har eg sett mykje god TV. Det beste av det beste er no samla i ei liste. I lista har eg delt inn i sesongar. Det finst seriar som leverer ein knallsterk førstesesong, og det finst seriar som blir betre utover. Inndelinga i sesongar hjelp difor til å sortere ut det beste. Og difor blir lista betre. Lista er ikkje avgrensa til innhald som er blitt produsert i 2011. Likevel er det mykje nytt. Dei fleste seriane eg har sett i løpet av året har vore nye sesongar av faste seriar.
- Boss sesong 1. Kelsey Grammer er borgarmeister i Chicago i denne fortreffelege Starz-serien. Den politiske arenaen er senter for eit drama med mange mørke sider. Serien styrer unna politisk debatt, og utmerkar seg heller på framstillinga av det politiske spelet.
- Bored to Death sesong 3. Tredje sesong av HBO-serien har fått til ein god dynamikk mellom seriens tre sentrale personar. Rolla til kvar enkelt har òg blitt tydelegare. Humoren er framleis på plass. Sesongen er diverre altfor kort.
- Dag sesong 1. Årets beste komedie. Vekslinga mellom mørk komedie og romantikk ser ut til å vere greia for meg, og serien er god på nettopp dette. Og så er sesong 2 er omtrent like god.
- Breaking Bad sesong 4. Denne serien blir aldri dårlegare. Det skjer stadig nye ting. Karakterane utviklar seg endå. Serien overraskar.
- Game of Thrones sesong 1. Dette er god TV. Her er ein serie som set krav til at ein heng med på det som blir sagt og gjort. Utbytte blir då stort. Produksjonskvaliteten matchar det gode manuset. Ingen grunn til å stille spørsmål omkring suksessen.
- Boardwalk Empire sesong 2. Begeistringa for denne har stige. Eg kom aldri inn i første sesong, men andre er klart listemateriale. Framdrifta og konfliktane har blitt tydelegare.
- Blue Mountain State sesong 1. Pur moro. Både første og andre sesong leverer kompakte sett med episodar som går ned på høgkant. Det er barnsleg, mykje skitten humor og utan ei djupare meining. Men timinga ligg i fingerspissane og gjer serien god på sitt
- Parks and Recreation sesong 2. I andre sesong har serien framleis ny giv, karakterane er etablerte og kjemien sit som støypt mellom dei. Det er først her personar som Ron Swanson blomstrar for fullt. Den underfundige humoren har komme på plass.
- Koselig med peis sesong 1. Mørk og dramatisk, men samtidig så god på humor. Noreg sitt svar på danske Riget, men utan mystikken? Dyktige folk formidlar eit dyktig manus.
- Smallville sesong 10 er siste sesong i serien. Sesongen blir brukt til å runde av, og det skjer på ein verdig måte. Serien får fleire besøk frå fortida, og ein nostalgi-trip er ikkje feil.
