Dei tre siste dagane har eg lista opp det beste sett i 2011. Det er på tide å sjå framover i 2012 og alt det nye som kjem. Mange store titlar er allereie klare, og forventingane er høge til desse.
I løpet av sju år med Filmdagbok har eg aldri laga ei slik liste. Det blir spennande å sjå kor mange av titlane som vil dukke opp på topplista om eit år. Desse ti filmane er henta ut av ei liste på rundt tretti som eg har. 2012 kan vise seg å bli eit spennande år med originale sci-fi-filmar. Og eit år der mange kjente regissørar gjer comeback.
- Antiviral. Brandon Cronenberg er sonen til David Cronenberg. Antiviral er debutfilmen hans og handlar om eit dødeleg virus. Det kan bli bra. (Det kan òg Cosmopolis bli, den nye filmen til faren).
- Moonrise Kingdom. Wes Anderson sin første live-action film på fem år. Eit stjernespekka galleri, mellom anna Bruce Willis og Bill Murray. Uansett handling er dette noko eg ser fram til.
- The Hobbit: An Unexpected Journey. Neste års store julefilm blir Tolkiens The Hobbit, filmatisert av Peter Jackson. Videobloggar og første trailer har allereie bygd opp skyhøge forventingar.
- American Pie: High School Reunion. Trettan år etter American Pie og ni år etter American Wedding er gjengen samla nok ein gong. Eg vaks opp med filmane og har sett dei utallige gonger.
- Looper. Det har vore stille rundt Rian Johnson i nokre år. Sidan The Brothers Bloom i 2008 har Brick-regissøren latt langfilmane vente på seg. Med Looper angrip han sci-fi-sjangeren, og Devin Faraci hjå Badass Digest har allereie skrytt ein uferdig versjon opp i skyene.
- Fuck Up. Gjengen frå den norske TV-serien Dag står både bak og framfor kamera i Fuck Up. Som stor fan av Dag er dette ei god nyheit. Traileren lovar også godt.
- Cabin in the Woods. Det blir sagt om Cabin in the Woods at Joss Whedon har gitt horror-sjangeren eit nytt løft. Filmen har allereie gått på festivalar, men kjem ikkje på kino før neste år.
- Jeff Who Lives at Home. Brørne Jay og Mark Duplass har fått med seg Jason Segel i denne komedien. Duplass-brørne er mest kjent for Cyrus som kom i 2010, men har laga fleire gode budsjettkomediar.
- Chronicle. Ein film eg veit lite om, men som lokkar med ei historie om ungdommar med superkrefter. Ting vil gå galt.
- Gravity. Children of Men-regissør Alfonso Cuarón skal lage sci-fi med George Clooney og Sandra Bullock. Eg har sansen for Children of Men, sci-fi og Sandra Bullock.

januar 9th, 2012 at 20:10
Ikke hunger games i det hele tatt? Wow, 2012 må bli et bra år når den ikke engang havner på topp ti lista.
januar 9th, 2012 at 21:53
2012 blir bra! Det sagt, alle tidlegare år har vore bra òg :)
Eg kan forsvare alle titlane på lista på bakgrunn av forholdet eg har til folka eller miljøet bak dei. Alle med unnatak av Chronicle, som var eit tilfeldig innslag pga. ein interessant trailer.
The Hunger Games-trilogien i bokform er pÃ¥ veg i posten, og eg ser fram til Ã¥ lese dei. Lista vart skrive før eg las «det» blogginnlegget – trur det var pÃ¥ Badass Digest – som fekk meg til Ã¥ bestille bøkene. Og før dette hadde verken trailer eller andre skriveri gjort inntrykk. Eg synst ikkje marknadsføringa har vore sÃ¥ altfor sterk pÃ¥ at dette blir noko spesielt. Det sagt, eg hÃ¥par det blir bra!