1408 (2007)

IMDb: 7.5/10 (17,842 votes)

1408John Cusacks karakter skriv «Topp 10″ bøker om spøkelse. Personleg virka han ikkje Ã¥ tru pÃ¥ dei, men forfattarskapet er god business. NÃ¥r han sÃ¥ fÃ¥r augo opp for rom nr 1408 i eit New York hotell er det forhistorien som fattar interessa hans, utan at han pÃ¥ nokon mÃ¥te blir overbevist av at rommet skulle vere annleis enn alt det han tidlegare har besøkt.

Hotellbestyraren, Samuel L. Jackson i ei fin lita rolle, er svært truverdig i åtvaringa mot å la Cusacks rollefigur overnatte der. Desto meir fristande for forfattaren. Når han til slutt får rommet, kan du legge to og to saman. Ting startar å skje, ja.

Filmtraileren til «1408» hinta til ein friskare skrekkfilm (om du har planar å sjå filmen vil eg ikkje anbefale å sjå traileren no). Og «1408» har både gjennomtrengande gufs og skvettesprett. Det den ikkje har er ei meining, den virkar å gripe om så altfor mykje. Hadde den vore meir fokusert og 20 minuttar kortare kunne den ha komme ut av det som ein av haustens gode nye skrekkfilmar for min del. For eg likte mykje av det eg såg. Cusack ber filmen god ved sidan av eit bra regiarbeid.

6/10
Publisert 19. september 2007 kl. 18:43 i Alle, Horror, Thriller merka som , , .

3 kommentarar til 1408 (2007)

  1. Captain Charisma

    Synes det var en film med to halvdeler. Grøsserscenene er gode og det er noen jeg vil huske, men dramadelen fungerte ikke. Cusack var ihvertfall god her.

  2. Asbjørn Ness

    CC: SÃ¥ presist kan ein oppsummere det :)

  3. Fredrik Andersen

    Jeg mener også at den varer for lenge og at den blir mye av det samme om igjen.. De skulle ha forklart hva som skjedde med han, om han var påvirka av noe. Ellers en bra film som får deg til å skvette hele tiden.

Skriv ein kommentar