17. februar 2010

18 beste: Favorittar i filmbransjen

Av Asbjørn Ness

18 beste: Favorittar i filmbransjen

Å setje saman filmlister kan vere vrient, då ein ofte ikkje har sett alt som er å sjå innanfor det valde temaet. Ta ei toppliste for 2000-2010. Ingen normal person vil klare å sjå alt som er laga innafor tidsrommet og setje saman ei fornuftig liste. Ei liste vil alltid bli eit personleg utval eller kompromiss ut i frå eit samarbeid.

Unnataket er smalare tematiske lister, gjerne knytt til personar som har vore med i ei overkommeleg mengde produksjonar, eller ein smal sjanger. Med dette i tankane har eg sett saman ei liste over 18 personar innanfor filmbransjen. Det kan vanskeleg kallast ei liste over dei 18 beste, men er 18 favorittar eller personar eg per dags dato held eit ekstra auge til. Lista mi høyrer derimot ikkje til unntaket, då eg på langt nær har fullført filmografien til alle som er med.

Lista kunne ha vore ti gonger så lang, men eg legg meir vekt på variasjon enn å få med alt. Dette for å få fram at me slettes ikkje er eller treng vere eindimensjonale når det kjem til føretrukne filmar.

Woody Allen (1935-)

Woody har gjennom 40 år laga like mange filmar, og er framleis aktiv. Han har vore innom fleire sjangrar, og laga alt frå den ypparste komedie til skikkeleg drama og tøff thriller, stadig vekk med store namn innanfor bransjen, såvel i utlandet som i heimbyen New York.

Zooey Deschanel (1980-)

Zooey kan synge, og gjer det gjerne på film, i Yes Man hadde ho si eige, vesle synthpopgruppe, som var eit filmatisk samarbeid med Von Iva. Elles er denne unge kvinna søt, og spelar gjerne i rollar som litt usikker, sjenert. Men kan òg vere på kanten til psykopatisk, som i Weeds.

Alec Baldwin (1958-)

Alec har dei seinare åra funne seg til rette i rollar som ofte blir skildra som typisk Alec Baldwin. Korleis han er personleg har eg ikkje oversikt over, men det er festleg å sjå han spele den litt sleipe fyren i dress, og ekstra artig når denne personen har ei mjukare side på litt humoristisk vis. Karakteren Jack Donaghy i 30 Rock er eit godt eksempel.

James Stewart (1908-1997)

James var ei stor stjerne i gullalderen til Hollywood, og er ikkje mindre stjerne i dag. Med ei stemme som både kan fremme autoritet, begeistring og ei forvirrande sjel, utan eigentleg å forandre seg. James Stewart har spela i mange gode filmar av fleire udødelege filmskaparar, og har for min del endå tilgode å skuffe.

Steve Buscemi (1957-)

Med fartstid innanfor både blockbuster og smalare film er Steve sitt ansikt kjent i filmverda. Mine favorittar og grunnen til at eg følgjer Steve er titlar som Trees Lounge og Delirious, og det er alltid kjekt når han dukkar opp i hovudrollar som i desse, eller finn på å lage ein film sjølv.

Amy Adams (1974-)

Både ei pen kvinne og god skodespelar med glimt i auge, som kan ta på seg sprø prinsesserollar og seriøse rollar i drama. Amy har gradvis bygd seg opp eit renommé og har med filmar dei siste åra vist at ho mest sannsynleg er kome for å bli. Held ho fram med å dukke opp i like mange gode filmar i åra framover, og kuttar ut det verste som Night at the Museum: Battle of the Smithsonian, så er det meir enn grunn nok til å følgje dama vidare.

Jack Nicholson (1937-)

Jack har gjennom 40-50 år levert legendariske prestasjonar. Bl.a. som psykopat er han gull, og trass i alderen har han ikkje blitt mindre aktuell dei siste åra. Av eit mangfald filmar han har vore med i har eg sett altfor få av dei, men prøver stadig meg på fleire. Av desse forventar eg ypparleg skodespel frå Jack si side, og han skuffar sjeldan.

Michael Cera (1988-)

Som regel heldig med å hamne i gode ungdomskomediar. Han hadde òg eit veldig godt utgangspunkt etter å ha slått gjennom i Arrested Development. Webserien Clark and Michael og rolla han spelar som seg sjølv i Paper Heart har gjort det lett å like imaget han skapa rundt Michael Cera.

David Cronenberg (1943-)

Har tidlegare laga fleire visuelt gripande og groteske filmar, men aldri mista taket på den gode historia. Før han dei seinare åra smått har endra retning og filmane meir har blitt ei skildring av indre konfliktar på andre måtar enn ei gjennom ytre manifestering.

David Lynch (1946-)

David er ein kunstnar som har trådd inn i filmbransjen og klart seg, han beherskar både streite filmar og meir eksperimentelle saker. Eg både hatar og elskar filmar av han, då han etter min smak har laga noko av det verste og beste som er. Det ligg difor alltid ei spenning knytt opp til det han lagar. Men mest av alt likar eg det han har gjort.

Sofia Coppola (1971-)

Fram til 2010 har Sofia laga tre filmar. Tre forskjellige, gode filmar, som eg godt kan tenke meg å sjå igjen i framtida. Så har ho brukt akkurat så lang tid mellom kvar film at eg har byrja å forvente ein like gjennomført film neste gong, med like gode karakterar, historie og stemning.

Wes Anderson (1969-)

Wes har auge for detaljar, og leverer ofte ei morosam historie som godt kan vere litt trist og alvorleg på same tid. Han har ein stil som er lett å kjenne igjen, brukar skodespelarar eg likar og som spelar litt sære karakterar som ofte fører dialog på den same, brå og tydelege måten som historiane blir fortalt på.

Judd Apatow (1967-)

Stilen og komedien som Apatow dei siste åra har fronta er midt i blinken for mitt vedkommande, med ein smule seriøst undertone blir det lettare å godta antiheltane som ofte er senter for filmane hans, og som ikkje alltid oppfører seg like sympatisk.

Nora Ephron (1941-)

Nora er ein filmskapar eg ikkje har fått utforska heilt endå, og ei som tydeleg har laga filmar av varierande kvalitet. Det beste ho har gjort har likevel fått meg til å halde eit auge med ho, og det viste seg å ikkje slå feil når ho gjekk i lag med Amy Adams og Meryl Streep i Julie & Julia i 2009.

Sienna Miller (1981-)

Sienna er først og fremst pen, og heller ikkje blotta for talent. Ho gjorde reint bord som motparten til Buscemi i Interview og var ikkje så aller verst som Sedgwick i Factory Girl heller. Ho har nok å bevise seg sjølv i framtida, men inntil vidare er dette ei karriere som eg godt kan følgje.

Jason Statham (1972-)

Som regel veit eg kva slags film eg får når den har Jason i hovudrolla, det er action, tøff action. Og Jason passar veldig godt i sentrum av tøff action, mykje takka vere eit steinhardt uttrykk i ansiktet som er så seriøst at det berre må bli godtatt som hardt.

Audrey Hepburn (1929-1993)

Audrey er ei av dei kvinnene frå eldre film eg har mest sansen for. Ho er den pene, smarte, uavhengige kvinna i mange av dei beste filmane sine, og passar veldig godt i desse rollane. Ho kan overraske med ein vanvittig dans i Funny Face og vere ung romantikar i Roman Holiday. Så har ho fått æra av å spele mot både Humphrey Bogart og Cary Grant, som gjer filmane hennar endå meir verdt å sjå.

Charlie Kaufman (1958-)

Charlie har skrive manus til seks filmar, og har endå tilgode å levere noko som blir til ein dårleg film. Tre av filmane er favorittar hjå meg, og dei tre andre må eg få sett igjen. Det er ikkje mindre enn med høge forventingar eg ventar på neste prosjekt.

Om innlegget