Filmdagbok presenterer tre lister med favorittane i løpet av 2011. Du kan lese alle listene på beste film 2011 etter 3. januar 2012.
I 2011 har eg sett mykje god film. Det beste av det beste er no samla i to lister. Det er ei liste med filmar som kom i 2011, og det er ei liste med andre gode filmar eg har sett i 2011.
I denne lista er det filmar frå 2011. Lista er sortert i alfabetisk rekkjefølgje. At ein film var betre enn alle dei andre hadde forsåvidt vore greitt, men å rangere ti forskjellige filmar blir eit mas. På Filmdagbok likar vi (les: eg) ikkje mas.
- Atlas Shrugged: Part I (2011) leverte ei god oppbygging til det som er ein tenkt trilogi. Framtida er derimot usikker, då filmen fekk dårlege salstal.. Eg lot meg derimot begeistre.
- Batman: Year One (Video 2011) er den beste, nye animasjonsfilmen eg har sett i 2011. Det er omtrent så bra som Batman og DC Universe Original Animated Movies kan bli.
- Bridesmaids (2011) kunne eg tenke meg å sjå igjen før han var ferdig. Med rett manus viser filmen at jentekomedie også kan vere vulgære og morosame. Samtidig har filmen hjerte, og Kristen Wiig.
- Drive (2011) vil hamne på mange topplister, og ikkje utan grunn. Nicolas Winding Refn har bakt ei kake full av spenning, og kaker er gode greier.
- Hanna (2011) er min favorittfilm for 2011. Sterkt drama og feit vald, hand i hand. Saoirse Ronan får utfolde seg i regissør Joe Wright sitt nærvere, og resultatet er elektrisk. Forøvrig ein av mine favorittregissørar.
- Midnight in Paris (2011) var årets film frå Woody Allen. Endå ein av mine favorittregissørar, men det betyr ikkje gratisbillett på topplista. Filmen er nok årets beste romantiske komedie.
- Rise of the Planet of the Apes (2011) lurer seg såvidt inn på lista. Eg er svak for Planet of the Apes-serien, og dette var den beste blockbusteren i sommar.
- Source Code (2011). Actionthriller og sci-fi i frisk drakt. Spennande og original.
- The Lincoln Lawyer (2011) var eit fornuftig filmval av Matthew McConaughey. Ein mann som heller er kjent for forutsigbare, romantiske komediar. Her
- Win Win (2011) var ein film som gradvis vart betre og betre utover. Ei fin blanding mellom drama og komedie, og eit godt manus.
