Etter å ha sett traileren hadde eg høge forventningar til denne filmen, og han skuffa slettes ikkje. Fullpakka med spenning, ikkje nervepirrande, men veldig underhaldande. Ein humoristisk undertone gjorde at filmen ikkje fekk det høgtidelege særpreget filmar i høgbudsjetts heltefilmar, som ofte trekker filmen ned. Som fan av Last Exile var det og morosamt å sjå parallellane til den animeserien, om det ikkje blir motsett, sidan ideen til Sky Captain nok er eldst.
Ein verdig oppfølgar som ikkje repeterar einaren, men heller bygger vidare på historia. Er ikkje alltid ein får servert denne type toarar. Miljøet er veldig likt einarens, men historia er kanskje ikkje så omfattande lengre.
Ein under middels komedie. Det blir for uskuldig, og verken Ben Stiller eller Jack Black får syne kor morosame dei kan vere i rollane sine. Ikkje så mykje meir å sei om denne.
25 episodar.
Ein av dei betre sitcoms med lattermaskin tilstades. Den første sesongen er like morosam som alt anna eg har sett av serien på TV.
Det må vere minst tre år sidan eg såg «The Whole Nine Yards» som eg eigentleg ikkje hugsar noko ifrå. Og om tre år rekna eg med at eg ikkje hugsa så mykje ifrå denne fimen heller. Den er heilt grei som ein gongs underhaldning, men ville ikkje blitt anbefalt av meg som eit kjøpsobjekt for noko DVDsamling.
Denne filmen gav meg faktisk ei litt uggen kjensle sant og seiast. Dette er ein thriller litt utanom det vanlege. Etter vendepunktet til filmen eit stykke uti skjøna eg ikkje heilt samanhengen, men det var akkurat nok spesielt til at det var moro å følge med på.
Man! Den beste komedien av denne typen eg har sett pÃ¥ lenge. Eg tykkte ikkje dei overdreiv sÃ¥ altfor mykje som dei ofte har ein tendens til Ã¥ gjere i slike filmar pÃ¥ forskjellige plan. Definitivt ein «verdt Ã¥ sjÃ¥» film.
Om ikkje filmen var forutsigbar, så såg eg nesten det komme det som skjedde. Men deler av filmen gjorde meg usikker på det mange gonger undervegs, noko eg fann ganske bra. Filmen var spennande og kjeda meg ikkje i heile tatt undervegs. Pluss stilen til Jolie som FBI agent var ganske stilig.
Ærleg talt så skjønte eg lite av denne filmen. Om det heile var ekte, eller i noko liknande «The Matrix». Men fann ut etter kvart at det uansett var snakk om ein verden der følelsar er forbode. I det enkle lik «Equilibrium» filmen. Djupare sett på det, annleis. Innvikla saker.
Spennande fantasyfilm som appellerera til folk i alle aldersgrupper. Kan vere litt skummel for dei yngste, men er meste berre morosam. Dokkene av Jim Henson er lite realistiske i forhold til beste CGI, men gir ein eigen sjarm. Musikken og ikkje minst rollen til David Bowie utstrålar 80-talet på lang veg, noko som hindrar filmen i å kunne bli tidslaus, men det øydelegg ikkje filmen på nokon måte heller.
