Filmdagbok
ness
20-nov-2004

The Dreamers (2003)

The DreamersUser Rating: 7.1/10 (3,460 votes)

Ein good-feeling film. Interessant story om tre filmintersserte ungdommar i Frankrike anno 1968, derav ein amerikanar og eit fransk-engelsk tvillingpar. God musikk som The Doors og Jimi Hendrix. Litt sprøtt forhold mellom desse folka, men det må til.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
20-nov-2004

21 Grams (2003)

Twenty one GramsUser Rating: 8.0/10 (16,346 votes)

Eg vil ikkje gi denne filmen gode kommentarar berre fordi den har fått høg rating på IMDb eller er mørk, dyster, deppandes, kjedeleg, delvis uforståeleg i tidlege fasar av filmen, ekkel, osv. Det er forsåvidt det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-nov-2004

Elephant (2003)

ElephantUser Rating: 7.3/10 (6,947 votes)

Ein av dei beste filmane eg har sett på ei stund. Denne gir eit godt innblikk i ein vanleg skuledag på high school i USA, fram til to elevar kjem fullasta med våpen og ammo inn på skulen. Lagt til søndag 21. november: Men største delen av filmen handlar om ein vanleg skuledag, så ikkje bli skuffa over å måtte sjå ein litt rar film ei god stund før skytinga startar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-nov-2004

Saved! (2004)

Saved!User Rating: 7.1/10 (3,965 votes)

God film sett bort ifrå alt tullet om Jesus. Vel, når ein tek vekk det så er det vel ikkje så mykje igjen av filmen, men den var fin. Hadde trudd at meininga med heile greia var å omvende publikum, men det virka ikkje slik på meg. Heller motsatt. Og takk for det. Hadde det vore meininga hadde eg gitt filmen slakt på null komma niks.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-nov-2004

The Italian Job (2003)

The Italian Job 2003User Rating: 6.9/10 (15,175 votes)

Bortsett frå at dei har samla ein gjeng med kjente skodespelarar, og tre stk. Mini Cooper S, så er denne filmen ikkje så bra. Ideen bak det store kuppet er velbrukt, men ikkje vel brukt her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-nov-2004

Bad Santa (2003)

Bad SantaUser Rating: 7.2/10 (6,850 votes)

No har eg sett denne filmen før, og sidan eg ikkje skreiv så mykje forrige gong, så får eg fylle ut litt betre her. Eg hadde før eg såg han første gong ingen store forhåpningar til filmen, ettersom eg trudde det var endå ein julefilm komedie. Men vrien der “julenissen” er alkoholisert forbrytar er ganske morsom.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-nov-2004

King Arthur (2004)

King ArthurUser Rating: 6.0/10 (7,067 votes)

Ikkje noko spesiell film. Den har henta mange element ifrå Braveheart ser det ut til. Historia om kong Arthur og riddarane av det runde bord er godt kjend. Middels underholdning, ingen spesielle ting som merka seg ut.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-nov-2004

White Chicks (2004)

White ChicksUser Rating: 4.5/10 (2,522 votes)

Vanvittig morsom film med Wayans tvers igjennom. Til tross for utruleg ekle forkledningar, og ein del ekle scener, så er dette topp underholdning. Hadde eigentleg ingen forventningar til filmen, for eg visste ikkje kva han gjekk ut på, og coveret ser grusomt ut. Men det er kanskje like greitt å ikkje har forventningar til denne filmen, for då blir ein iallfall ikkje skuffa.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-nov-2004

The Chronicles of Riddick (2004)

The Chronicles of RiddickUser Rating: 6.0/10 (6,374 votes)

Under denne filmen hadde eg problem med å få med meg alt som skjedde, fordi den rett og slett var for kjedeleg. Pitch Black, som eg ikkje syntest så altfor mykje om heller, var hakket betre enn denne. Slutten derimot, var så bra at eg har lyst til å sjå ein oppfølgar om ikkje så lenge.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-nov-2004

Secret Window (2004)

Secret WindowUser Rating: 6.2/10 (9,305 votes)

Var nysgjerrig på denne filmen, for den hausta både dårlege og gode kritikkar. I starten av filmen vart eg litt skeptisk ettersom det stod det var ein Stephen King film, men filmen var ganske god. Og slutten var den beste ein kunne tenke seg i ein slik film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10