Eg er sikker på at for den musikalglade person så er denne filmen alfa omega. Men denne typen jazz og show har aldri heilt vore det beste sett frå min ståstad. Eg foretrekk Miles Davis, Jimmy Smith, den type jazz. Har aldri heilt hatt sansen for Richard Gere som skodespelar heller. Alt i alt holdt eg ut gjennom dei eviglange songane mest for det faktum at eg berre skulle ha sett filmen.
Battlestar Galactica
Ikkje heilt min type sci-fi. Eg såg den doble pilotepisoden, og starta å sjå på sjølve serien, men klarte ikkje meir enn 10 minutt. Og det er forresten 2004 versjonen det er snakk om her. At eg likevel kan finne på å prøve meg på serien igjen i framtida er ikkje usannsynleg, ettersom den har hausta ein del gode tilbakemeldingar.
Lupin III
Med eit par Lupin III manga pocketbøker bak meg, tenkte eg å prøve meg på animeserien. Det var ikkje ein favorittmangakandidat, eg hadde faktisk litt vanskelegheiter med å fordjupe meg i den, så utgongspunktet mitt var ikkje det beste. Så det enda med ein einaste episode.
Også kjent som «House of Flying Daggers». Dette er andre gongen eg ser filmen, og no fekk eg tid til å studere detaljar og tenke meir over dialogane og andre meiningar med kva folk seier. Eg fekk eit meir fullstendig inntrykk av filmen, den var rett og slett betre enn første gongen. Yimou Zhang fortenar gode omtalar av denne filmen.
For ein piss elendig film. Har aldri sett noko så kjedeleg. Skodespelarane må vere i klasse Z. Ingenting meir å sei om denne filmen.
Det første eg la merke til i denne filmen var kamera. Det virkar hÃ¥ndholdt og kvaliteten er ikkje pÃ¥ topp. Dette gir inntrykk av at det er ein dokumentar, og passa godt med tanke pÃ¥ at filmen er basert pÃ¥ ei sann historie. Deler av dialogen mellom Susan og Daniel var reint morosame. Tross filmen føregÃ¥r i eit einsformig «landskap», sÃ¥ held den seg grei fram til slutten.
Bra prestasjon av «Peter» og «Michael» i filmen. Filmen var søt, men ikkje klissete. Romansen var utan openbar seksualitet, faktisk med handling. Kryssklippinga under episoden hagen nÃ¥r det blir leika indianar og cowboy var stilig.
Ein av dei beste horrorfilmane eg har sett på ei stund. Oppslukande. Mange groteske scener. Skrudde folk som gjer alt for å overleve. Og eg likte spesielt godt retninga historien tok etter kvart.
Matthew og Lisa er forelska, og Matthew spør Lisa om ho vil flytte inn hjå han. Ho er ordlaus og har dårleg tid, og må reise før ho får svart. Ho avtalar å møte han neste dag, men noko kjem i vegen, og ho må reise til London. Ho skriv eit brev som ho ber ei venninne, Alex, om å gi til han. Men Alex er forelska i Matthew og, og sjalu på venninna, så ho gir ikkje brevet til han. Matthew og Lisa mista kontakten, og når Matthew kjem tilbake til byen tre år seinare, snubla han over spor som kan føre han til Lisa. Men Alex, som Matthew ikkje veit kven er, gir seg ut for å vere ei anna Lisa som bur i gamle leiligheita til Lisa. Ho hindrar Matthew i å finne den ekte Lisa som og er i byen, og midlertidig bur i leiligheita til Alex pga. ein desperat mann som ho har slått opp med. Osv. Osv.

Anthony Michael Hall som nerd? Den var ny! Dette er tredje film i John Hughes si High School Reunion Collection. Denne filmen legg litt meir vekt på sprø og unaturlege hendingar, og er den mest komiske filmen i serien. Slutten var ingen overrasking i likskap med «Sixteen Candles», dette er rein underholdning, og enkel hjerneføde.
Eg veit ikkje kor lenge eg har tenkt på å sett denne filmen, men det har aldri blitt noko av, før no. Eg vil sei den levde opp til forventningane mine om å vere ein god komedie, og mange episodar tvinga fram latteren. Mot slutten blei filmen litt trist, og meir seriøs. Likte musikken godt, bl.a. 3 songar av The Doors, pluss ein del anna godt materiale.
