Shi mian mai fu (2004)
Også kjent som «House of Flying Daggers». Som stor fan av martial arts filmar såg eg fram til denne filmen heilt frå første gong eg høyrte om den. Hero er ein av filmane eg set høgt, og med House of Flying Daggers som den nyaste filmen til regissøren bak Hero, Yimou Zhang, hadde eg store forventningar. Det var ikkje så mykje slåssing som eg hadde trudd det kom til å bli, men likevel ein god del. Det romantiske var ganske sentralt i filmen, både i historien og bildet. I Hero handla det meir om kampar, og det romantiske var meir i historien. Ein fin ting med filmen er at den, i desse spesialeffektdagar, ikkje overdriv med altfor fantastiske rørsler. Sjølv om det nok er litt. Filmen er elles vakker og strålar med god fargebruk. Handlinga er lagt til hausten, som i Hero, så Yimou Zhang har flittig brukt haustfarga tre i bakgrunnen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

