Filmdagbok
ness
26-des-2004

The Village (2004)

The VillageUser Rating: 6.5/10 (16,362 votes)

Etter å ha sett traileren for ei god stund sidan trudde eg dette var ein skrekkfilm. Men det viste seg etter kvart at det var meir drama, likevel om det var eit par innslag av uhyggjelege scener. Fiolinmusikken må seiast å vere veldig vakker og gav ei god stemning i filmen. Historia er tydleg basert på ei bok, som ein høyrer på replikkane og elles legg merke til i filmen (på kva måtar veit eg ikkje heilt). Har aldri høyrt om boka, men vil tru den er ganske bra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-des-2004

Without a Paddle (2004)

Without a PaddleUser Rating: 5.4/10 (1,431 votes)

Middels komedie. Hadde nokon vanvittige scener, men den tragiske skogen handlinga føregjekk i la ei usynleg demping på filmen. Den morsommaste scena, og forsåvidt ein av dei eklaste er når dei tre hovedpersonane står kalde og halvnakne under ei berghylle, der ein av dei har foreslått å gå tett for å halde varmen. Og ein song med denne teksten startar opp: “My mind is telling me no. But my body, my body is telling me yes. Baby. I don’t wanna hurt nobody. But there is something I must confess”.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
25-des-2004

Little Black Book (2004)

Little Black BookUser Rating: 3.8/10 (824 votes)

Lite nyskapande og inspirerande film. Hadde det ikkje vore for den sjarmerande stemma til, og personen, Brittany Murphy, så hadde filmen nok gått fullstendig i dass.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-des-2004

Return to Never Land (2002)

Return to Never LandUser Rating: 5.6/10 (894 votes)

Første gongen eg såg denne filmen, var det på engelsk. No, med norske tale, blei den litt annleis. Songane oversatt til norsk passa ikkje heilt med musikken. Men denne filmen er i jo tiltenkt dei yngre, så det er fullt tilgiveleg sidan eg såg den på NRK. Teiknefilm er elles topp for julaftan, og gir god stemning.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-des-2004

The Incredibles (2004)

The IncrediblesUser Rating: 8.3/10 (15,586 votes)

Ei solid blanding James Bond liknande musikk, forskjellige element frå superheltehistoriar. Ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa er vel det viktigaste i filmen, og det morsomaste. Men på humorsida ligg nok Shrek2 eit hakk framfor.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-des-2004

Anchorman: The Legend of Ron Burgundy (2004)

AnchormanUser Rating: 6.7/10 (5,916 votes)

Humoren i filmen varierte ein god del, frå ganske morsomme scener til scener som var så lite morsomme at det var flautt å sjå. Den meste av humoren låg under middels, og det kan seiast at Will Ferrel er ikkje den morsomaste, på langt nær. Høgdepunktet i filmen var då fleire ulike news crew møtte opp på eit industriområde, og leiarane for dei ulika crewa var bl.a. Ben Stiller, Vince Vaughn og Luke Wilson. Andre kule ting var når Jack Black dukka opp som sint motorsyklist og spraka ein hund utfor ei bruk. Og å sjå Danny Trejo som bartender.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-des-2004

The Manchurian Candidate (2004)

Manchurian Candidate 2004User Rating: 6.7/10 (5,363 votes)

Skulle ikkje forundre meg om det som skjedde i filmen ville skjedd i verkelegheita. Hovedpoenget i filmen er at nokon vil og gjer alt for å oppnå draumane sine. Eleanor Shaw er villig til å hjernevaske sonen sin og få folk drept for å sjå han som president.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
22-des-2004

Mona Lisa Smile (2003)

Mona Lisa SmileUser Rating: 6.1/10 (5,718 votes)

Musikkbruken i filmen var etter min smak veldig god. Filmen var heilt grei, pluss kanskje litt meir. Den er heldigvis ikkje overfyllt med klisjear, men nokon dukkar opp. Heldigvis ikkje nokon av get-back-together typen. Historien tek ikkje nokon overraskande vendingar, for eg hadde ingen tankar om det undervegs. Kanskje filmen kunne gitt litt meir rom for tenking.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-des-2004

Gin gwai (2002)

The EyeUser Rating: 7.0/10 (3,404 votes)

Også kjent som «The Eye. Denne filmen var meir drama enn horror, for å få det bekrefta. Grunnen til at eg ville sjå den var fordi eg trudde det var ein skummel film, men mengden av skumle scener blei for liten. Filmen når derfor ikkje opp på høgde med Ju-On: The Grudge 1 og 2 eller A Tale of Two Sisters.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-des-2004

Shi mian mai fu (2004)

House of Flying DaggersUser Rating: 7.3/10 (2,351 votes)

Også kjent som «House of Flying Daggers». Som stor fan av martial arts filmar såg eg fram til denne filmen heilt frå første gong eg høyrte om den. Hero er ein av filmane eg set høgt, og med House of Flying Daggers som den nyaste filmen til regissøren bak Hero, Yimou Zhang, hadde eg store forventningar. Det var ikkje så mykje slåssing som eg hadde trudd det kom til å bli, men likevel ein god del. Det romantiske var ganske sentralt i filmen, både i historien og bildet. I Hero handla det meir om kampar, og det romantiske var meir i historien. Ein fin ting med filmen er at den, i desse spesialeffektdagar, ikkje overdriv med altfor fantastiske bevegelsar. Sjølv om det nok er litt. Filmen er elles vakker og strålar med god fargebruk. Handlinga er lagt til hausten, som i Hero, så Yimou Zhang har flittig brukt haustfarga tre i bakgrunnen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10