Arkivet til jan-2005

My Darling Clementine (1946)

IMDb: 8.1/10 (2,301 votes)
Dette var eigentleg ein treig westernfilm, der historie i seg sjølv verken er komplisert eller lang. Det er ingen problem å følge tården, og dette gjer den til deg likar å kalle ein avslappande film. Henry Fonda, som spelar den avslappa Wyatt Earp, gir meg assosiasjonar til John Cleese. Han har det [...]

Fellini – Satyricon (1969)

IMDb: 6.5/10 (1,704 votes)
Eg klarte ikkje følge heile filmen, det var i overkant av spesiell. Og soleis veldig kjedeleg. Fellini må ha vore ganske sprø i si tid. Ikkje eit normalt menneske er å finne, og folka mumlar, er tilbakeståande eller seksuelt fiksert. Det kjem ikkje som ei bombe at eg ikkje anbefalar filmen vidare. [...]

Team America: World Police (2004)

IMDb: 7.4/10 (9,611 votes)
Denne filmen har nokre gode spenningsscener, artig musikk og karakterar, og ein veldig enkel historie. Den er ei blanding av det typiske ein finn i amerikanske spennings/krigsfilmar, og gonga med 100, eller 1000.
Som i «South Park», så har Parker & Stone ikkje klart å la vere å få med nokre kjente ansikt; [...]

The Shining (1980)

IMDb: 8.3/10 (47,305 votes)
Tredje gongen eg har sett denne filmen, og den er framleis like bra. Dette var sone1-utgåva, nyleg lagt til i samlinga mi, som inneheld eit par ekstra scener i forhold til sone2-utgåva. Alt i alt 20 minuttar tillegg. Filmen er framleis skummel, takk og pris. Og eg såg ekstramateriale for første gong, [...]

Closer (2004)

IMDb: 7.3/10 (4,768 votes)
Fram og tilbake gjennom heile filmen. Filmen fekk meg ikkje til å tenke så mykje, så eg sit eigentleg ikkje igjen med nokon spesielle tankar om den. Føler ikkje at det er noko viktig som må seiast.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Mononoke-hime (1997)

IMDb: 8.3/10 (17,583 votes)
Også kjent som «Princess Mononoke». Ein veldig god animefilm. Imponerande animasjon, god musikkbruk. Spennande historie. Alt i alt ein anbefalt film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Cellular (2004)

IMDb: 6.4/10 (2,720 votes)
Eit eller anna gjorde denne filmen litt annleis enn andre gissel/kidnapping thrillerar. Det vil sei eg likte den. Ein god actionfilm. Mobilmannen, Ethan, gjere ein rekke sprø ting som berre kan bli bra. Likte spesielt ei scene der han hoppa ned i ei søppelsjakt på eit arbeidsområde.
Vurdering: 1 2 3 4 5 [...]

Spanglish (2004)

IMDb: 6.7/10 (1,860 votes)
Tykkte ikkje denne filmen handla om noko særleg. Tiden gjekk, eit par morosame episodar, og ei pen Paz Vega spelte meksikanske Flor Moreno. Adam Sandler var ikkje hysterisk morosam, men hadde ein heller moderat rolle. Kan ikkje akkurat anbefale denne filmen, med mindre ein er ute etter ein middels drama/komedie på to [...]

Resident Evil: Apocalypse (2004)

IMDb: 5.6/10 (7,676 votes)
Det var ikkje noko nytt med denne filmen opp mot første. Den ligna kanskje ein del meir på «Dawn of the Dead» og den type zombiefilm. Den var underhaldande på sin eigen måte, men hadde nokre daupunkt. Filmatisk sett under middels, klippinga i slosscenene var berre irriterande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 [...]

Paparazzi (2004)

IMDb: 5.5/10 (1,077 votes)
Denne filmen oppnår målet sitt utan problem, nemleg å få publikum til å hate paparazzifotografar. Spoiler: Det eg likte med filmen er at skodspelar Bo Laramie (Cole Hauser) drep eller forårsakar tre dødsfall, og likevel kjem frå det utan problem. Og at Detective Burton (Dennis Farina) eigentleg veit om det, men ikkje [...]

Ghost Lake (2004)

IMDb: 5.8/10 (73 votes)
Veldig amatørmessig film. Men til amatørfilm å vere så er den grei. Skodespelarane er ikkje noko å skryte av. Effektane i filmen er heller ikkje dei beste, men skal ikkje sjå så mykje på dei. Dei har ikkje så mykje å sei for filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 [...]

Serendipity (2001)

IMDb: 6.6/10 (9,696 votes)
Karakteren kan diskuterast. Det var mange klisjear, altfor mange. Handlinga var enkel å forutsjå, altfor enkel. Eugene Levy er kul då, mest fordi eg har sett han i «American Pie» som far til «Jimbo». John Cusack var kul i «High Fidelity», men her blir han for pinglete. Elles er det ikkje meir [...]

In Good Company (2004)

IMDb: 7.1/10 (387 votes)
Hadde trudd dette skulle bli ein typisk romance/comedy/drama film, men heile romance greia er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks, og det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etterkvart er også bra, pluss at rollefigurane er gode. Topher Grace, [...]

The Aviator (2004)

IMDb: 7.9/10 (4,362 votes)
Martin Scorsese film. Må seiast å vere ein spesiell film. I den meining at hovedrollekarakteren er ganske spesiell. Elles legg eg merke til den vanvittige fargebruken i filmen, som er ganske stilig. Ein liten samanlikning med Taxi Driver kan vise at me har med ein hovedperson som blir meir og meir spesiell [...]

Neko no ongaeshi (2002)

IMDb: 7.4/10 (449 votes)
Også kjent som «The Cat Returns». Ikkje den beste Studio Ghibli filmen eg har sett, men dette er likevel ein god fantasifilm. Den passar svært godt for barn, men er likevel interessant for eldre og. Den har eit stykke igjen til Ghibli forgjengaren «Spirited Away», som eg må samanlikne med. Kanskje dette [...]

Mean Creek (2004)

IMDb: 7.4/10 (540 votes)
Når ei uskuldig hevn blir til ei grusom handling. Denne filmen gav meg halvveges ei dårleg kjensle. Denne filmen virka ikkje som ein dyr film, men la heller ikkje vekt på å gi eit bilde av å bruke billege effektar. Det som er vesentleg i denne filmen er historia. Eg vil ikkje [...]

Taken miniserie

10 episodar.
Eg burde nok skrive meir om denne serien, for det er ein av dei betre sci-fi seriane eg har sett, og ikkje minst kjøpt. Får du tak i denne boksen til ein rimeleg pris ser eg ingen grunn til å la vere å kjøpe den. Lange episodar i god kvalitet, og med ein god [...]

Sen to Chihiro no kamikakushi (2001)

IMDb: 8.6/10 (20,822 votes)
Også kjent som «Spirited Away» eller «Chihiro og heksene». Andre gongen eg ser filmen, første gong med originalt lydspor. Ein fantastisk teiknefilm i kvaliteten på arbeidet. Animasjonen er imponerande heile vegen, og filmen er veldig underholdande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Fruits Basket sesong 1

26 episodar.
Ein kjedeleg animeserie som eg av uforklarlege årsaker tvinga meg sjølv gjennom. Kanskje på grunn av tiden eg brukte for å få tak i serien?

The Stepford Wives (2004)

IMDb: 5.3/10 (5,664 votes)
Fordi eg hadde sett denne filmen før, var målet mitt denne gongen å finne ut ting som kunne vere avslørande når det gjald å vise at kvinnene var robotar. Men fann ut ganske fort at det ikkje var filmen til å forstå noko meir andre gongen ein ser den, trass i at [...]