Mean Creek (2004)
Når ei uskuldig hevn blir til ei grusom handling. Denne filmen gav meg halvveges ei dårleg kjensle. Denne filmen virka ikkje som ein dyr film, men la heller ikkje vekt på å gi eit bilde av å bruke billege effektar. Det som er vesentleg i denne filmen er historia. Eg vil ikkje skryte uhemma over ho, men det er ein seriøs film, ein type film eg ikkje har sett på ei god stund. Den får godt fram at folk ofte ikkje heilt er den personen dei gir uttrykk for, eller ikkje alltid kan for at dei er den. Alt i alt ein god film for dei som klarar å sette pris på det.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

