ness
16-jan-2005

In Good Company (2004)

In Good CompanyIMDb: 7.1/10 (387 votes)

Hadde trudd dette skulle bli ein typisk romance/comedy/drama film, men heile romance greia er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks, og det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etterkvart er også bra, pluss at rollefigurane er gode. Topher Grace, kanskje mest kjent som Eric Foreman i That 70s Show, gjer ein stor prestasjon på lerretet, der han syner at han ikkje berre er ein “eit shows” skodespelar. Enkelte sider ved karakteren hans kan minne om Eric Foreman, men det er vel då kanskje det som er kjennemerket til Topher Grace, dette gjenstår å sjå. Han har spelt i filmar før, men det er første gong eg ser han i ei så stor rolle. Scarlett Johansson, naturleg og yndig, er heller ikkje til å klage på i denne filmen. Til slutt er det Dennis Quaid, ein skodespelar som eg eigentleg aldri har lagt spesielt merke til. Eg har sett han i The Day After Tomorrow og Cold Creek Manor, men før no har eg ikkje kunne kjent han igjen på namnet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10