Filmdagbok
ness
26-jan-2005

Team America: World Police (2004)

Team American World PoliceUser Rating: 7.4/10 (9,611 votes)

Denne filmen har nokre gode spenningsscener, artig musikk og karakterar, og ein veldig enkel historie. Den er ei blanding av det typiske ein finn i amerikanske spennings/krigsfilmar, og gonga med 100, eller 1000.

Som i South Park, så har Parker & Stone ikkje klart å la vere å få med nokre kjente ansikt; Kim Jong Il er hysterisk, og Matt Damon er verdt å legge merke til og. I tillegg må sexscena mellom dokkene Gary og Lisa nemnast, her er det ingen sensurering, men det er jo også enkle dokker det er snakk om!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10