Ghost Lake (2004)

IMDb: 5.8/10 (73 votes)

Ghost LakeVeldig amatørmessig film. Men til amatørfilm å vere så er den grei. Skodespelarane er ikkje noko å skryte av. Effektane i filmen er heller ikkje dei beste, men skal ikkje sjå så mykje på dei. Dei har ikkje så mykje å sei for filmen.

3/10

Serendipity (2001)

IMDb: 6.6/10 (9,696 votes)

SerendipityKarakteren kan diskuterast. Det var mange klisjear, altfor mange. Handlinga var enkel å forutsjå, altfor enkel. Eugene Levy er kul då, mest fordi eg har sett han i «American Pie» som far til «Jimbo». John Cusack var kul i «High Fidelity», men her blir han for pinglete. Elles er det ikkje meir å sei på denne filmen.

7/10

In Good Company (2004)

IMDb: 7.1/10 (387 votes)

In Good CompanyHadde trudd dette skulle bli ein typisk romance/comedy/drama film, men heile romance greia er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks, og det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etterkvart er ogsÃ¥ bra, pluss at rollefigurane er gode. Topher Grace, kanskje mest kjent som Eric Foreman i That 70s Show, gjer ein stor prestasjon pÃ¥ lerretet, der han syner at han ikkje berre er ein «eit shows» skodespelar. Enkelte sider ved karakteren hans kan minne om Eric Foreman, men det er vel dÃ¥ kanskje det som er kjennemerket til Topher Grace, dette gjenstÃ¥r Ã¥ sjÃ¥. Han har spelt i filmar før, men det er første gong eg ser han i ei sÃ¥ stor rolle. Scarlett Johansson, naturleg og yndig, er heller ikkje til Ã¥ klage pÃ¥ i denne filmen. Til slutt er det Dennis Quaid, ein skodespelar som eg eigentleg aldri har lagt spesielt merke til. Eg har sett han i The Day After Tomorrow og Cold Creek Manor, men før no har eg ikkje kunne kjent han igjen pÃ¥ namnet.

6/10

The Aviator (2004)

IMDb: 7.9/10 (4,362 votes)

The AviatorMartin Scorsese film. Må seiast å vere ein spesiell film. I den meining at hovedrollekarakteren er ganske spesiell. Elles legg eg merke til den vanvittige fargebruken i filmen, som er ganske stilig. Ein liten samanlikning med Taxi Driver kan vise at me har med ein hovedperson som blir meir og meir spesiell utover i filmen, ganske gradvis, utan at ein heilt forstår kvifor.

7/10

Neko no ongaeshi (2002)

IMDb: 7.4/10 (449 votes)

The Cat ReturnsOgså kjent som «The Cat Returns». Ikkje den beste Studio Ghibli filmen eg har sett, men dette er likevel ein god fantasifilm. Den passar svært godt for barn, men er likevel interessant for eldre og. Den har eit stykke igjen til Ghibli forgjengaren «Spirited Away», som eg må samanlikne med. Kanskje dette blir for amerikansk?

5/10

Mean Creek (2004)

IMDb: 7.4/10 (540 votes)

Mean CreekNår ei uskuldig hevn blir til ei grusom handling. Denne filmen gav meg halvveges ei dårleg kjensle. Denne filmen virka ikkje som ein dyr film, men la heller ikkje vekt på å gi eit bilde av å bruke billege effektar. Det som er vesentleg i denne filmen er historia. Eg vil ikkje skryte uhemma over ho, men det er ein seriøs film, ein type film eg ikkje har sett på ei god stund. Den får godt fram at folk ofte ikkje heilt er den personen dei gir uttrykk for, eller ikkje alltid kan for at dei er den. Alt i alt ein god film for dei som klarar å sette pris på det.

6/10

Taken miniserie

10 episodar.

Taken miniseriesEg burde nok skrive meir om denne serien, for det er ein av dei betre sci-fi seriane eg har sett, og ikkje minst kjøpt. Får du tak i denne boksen til ein rimeleg pris ser eg ingen grunn til å la vere å kjøpe den. Lange episodar i god kvalitet, og med ein god historie som går over fleire tiår, så møter ein nok av gode skodespelarar her.

Sen to Chihiro no kamikakushi (2001)

IMDb: 8.6/10 (20,822 votes)

Chihiro og hekseneOgså kjent som «Spirited Away» eller «Chihiro og heksene». Andre gongen eg ser filmen, første gong med originalt lydspor. Ein fantastisk teiknefilm i kvaliteten på arbeidet. Animasjonen er imponerande heile vegen, og filmen er veldig underholdande.

7/10

Fruits Basket sesong 1

26 episodar.

Fruits BasketEin kjedeleg animeserie som eg av uforklarlege årsaker tvinga meg sjølv gjennom. Kanskje på grunn av tiden eg brukte for å få tak i serien?

The Stepford Wives (2004)

IMDb: 5.3/10 (5,664 votes)

Stepford WivesFordi eg hadde sett denne filmen før, var målet mitt denne gongen å finne ut ting som kunne vere avslørande når det gjald å vise at kvinnene var robotar. Men fann ut ganske fort at det ikkje var filmen til å forstå noko meir andre gongen ein ser den, trass i at avsløringane kjem meir mot slutten av filmen. Skjønna ein ikkje at kvinnene er robotar med ein gong ein ser måten dei. Eg ppfører seg på, så har ein skjønt lite. Introen var ein glede å sjå igjen, skikkeleg retro, og det er positiv meint. Elles vil eg sei filmen er ein middels film, den var ikkje kjedeleg å sjå igjen, men var heller ingen oppvekkar.

6/10
2 / 3123