The Others (2001)

IMDb: 7.8/10 (35,354 votes)

The OthersSidan eg har trappa ned litt med filmsjåinga i det siste, så set eg større pris på enkeltfilmar enn for ein månad sidan. Så det å sjå ein film som i tillegg er ekstra god i ei slik tid er kjempe!

Det som gjer at eg likar The Others i første omgang er at den handlar om ei forfattardame. Eg må innrømme at eg likar filmar om forfattarar, kanskje på grunn av ein underbevisst lyst til å skrive godt sjølv? Finding Forrester er eit eksempel på ein slik film som også står sterkt hjå meg.

Musikken var noko eg la godt merke til her, og eg vil gå så langt som å sei at den var tilnærma perfekt. Samspelet mellom klyppinga og musikken i byrjinga tok skikkeleg grep på meg.

Skodespelet var greitt. Eg brydde meg ikkje særleg om Mrs. Woolf var spelt av Nicole Kidman, for min del kunne ho ha blitt spelt av kven som helst. For her er det så mykje make-up med i bilde at ein ikkje kjenner igjen personen under. Så kvifor ikkje ta ei god, ukjent, stygg, skodespelarinne i staden? Pengar og PR, alltid pengar og PR. Men sidan eg ikkje sat å tenkte på undervegs at det var Kidman som var dama, så gjekk filmen sin gang og eg fokuserte meir på historien enn eventuelle forventingar til ei A-stjerne.

6/10

Genshiken sesong 1

12 episodar.

GenshikenEndeleg sesongavslutning! Ein god episode, men eg er glad «Genshiken» er ferdig. Eg byrja å bli litt smålei serien, og ein grunn til at eg såg den ferdig var nok at eg følte eg måtte. Men serien er ikkje dårleg, det er berre meg og tålmodigheiten min, den klarar ikkje følge ein animeserie på denne måten. Takk og farvel, «Genshiken»!

Alexander (2004)

IMDb: 5.5/10 (9,235 votes)

AlexanderDette må vere ein vits! 5.5 av 10 på IMDb er altfor mykje! Her er nokre av tinga eg mislika mest med filmen: Musikken, altfor storslagen i forhold til filmens innhald. Eg blei trøytt av det. Klypping går heile tiden, snapp snapp snapp, 1 sekund her og 1 sekund er, ein får aldri med seg noko i dei mest interessante scenene. Her luktar det MTV.

Historien er grei, eg har høyrt/lest den før, så ingenting var overraskande. Når det gjeld alt oppstyret rundt Alexander som homofil, så kan eg faktisk skjønne det, for det passar ikkje inn heilt. Det virka som dei berre har tatt det med for å lage oppstyr.

4/10

Gin gwai 2 (2004)

IMDb: 5.4/10 (257 votes)

The Eye 2Også kjent som «The Eye 2». Kva skal eg sei? Filmen var nok ganske annleis enn den første. Her var det ingen blind kvinne eller jente, men hokjønnet i hovudrolla kunne likevel sjå døde folk. Heile filmen var litt sløv, ikkje så mykje skjedde. Kamera og musikken var godt kontrollert, og skapte i lag dei einaste ekle scenene i filmen.

6/10

TV samlepost II

Complete Savages

Complete SavagesEg såg alle episodane før serien tok ein lengre pause, og aldri kom tilbake. Langt i frå den beste sitcommen, heller ei typisk familiegreie. Det var OK for ein periode. Men når eg byrja å måtte kutte litt ned på ymse seriar etter ein lengre friperiode så var ikkje Complete Savages aktuell. At tv-kanalen kansellerte den er jo også eit svakt teikn, likevel om ikkje alltid kanselleringar er rettferdige.

Medium

MediumIkkje ein dårleg serie, men ikkje heilt min smak. Så i staden for å sjå denne serien, viss einaste grunn då er at eg faktisk starta å sjå den, så let eg vere.

Og brukar tida på å finne ein anna serie som fengar meir.

Tokyo Underground

Tokyo UndergroundTokyo Underground høyrtes ut som ein kul serie på namnet når eg kom over den via AnimeNFO tidlegare. Trass i dette var ikkje serien noko å samle på. Eg tok meg tida til å sjå to episodar, likevel om eg synst det var ganske så kjedeleg allereie etter den første.

SÃ¥ konklusjonen er: Kult namn, kjedeleg serie.

Unscripted

UnscriptedEin godt skrive serie skal vere, vel, godt skrive! Unscripted var basert på ideen å ikkje ha noko manus, så det blir ein motsetning til mine tankar om bra. Men om serien faktisk ikkje hadde manus, eller berre skulle gi uttrykk for det, har eg ingen peiling på. Det einaste eg veit, er at eg ikkje likte dette.

Sideways (2004)

IMDb: 8.1/10 (7,060 votes)

SidewaysFør eg såg denne filmen hadde eg ingen aning om kva eg gjekk i gong med. Ein film om vin, og eg som ikkje likar vin heller! Om smaking og drikking. Men så, om kvinner, det er betre saker! Humoren er av den varme fine typen, musikken med soft jazz passar perfekt.

Jack (Thomas Haden Church) er det det komplett forskjellig frå vennen sin, Miles (Paul Giamatti), [lurar på korleis dei møttes] Når eg ser Miles her, kan eg ikkje unngå å tenke på karakteren Harvey Pekar frå filmen «American Splendor», mest fordi det er den same skodespelaren sikkert, men også fordi det er tragikomiske figurar begge to.

9/10

Donnie Darko (2001)

IMDb: 8.3/10 (45,652 votes)

Donnie DarkoDette mÃ¥ vere tredje gongen eg ser filmen, men første gong eg sÃ¥g director’s cut. Eit par scener hadde smÃ¥ endringar, og eit par nye dukka opp, men ingen ting Ã¥ hoppe i taket for. Filmen i seg sjølv hoppar eg gjerne i taket for, for dette er ein veldig god film. Ikkje mange filmar tek eg fram igjen, og igjen.

Ein artig liten sak som eg burde lagt merke til før, er at søstra til Donnie i filmen, er også søstra til Jake Gyllenhaal på ekte.

9/10

Léon (1994)

IMDb: 8.4/10 (49,379 votes)

Leon the professionalTredje gong eg ser denne filmen, men denne gongen var det ein un-cut versjon. Eit par ekstra scener, som faktisk gjorde filmen betre, som eg trudde ikkje gjekk an, for dette er ein kjempegod film frå før!

9/10

Huff sesong 1

13 episodar.

Huff sesong 1 dvd coverEin serie som minner meg litt om «The Sopranos», med då mest med tanke på produksjon og setting. Ikkje noko organisert kriminalitet her, men ein mann med eit litt skrudd familie, som passar bra når han sjølv er psykolog.

Ein av dei betre sesongavslutningane eg har sett, cliffhanger slik cliffhanger skal vere!