TV samlepost II
Complete Savages
Eg såg alle episodane før serien tok ein lengre pause, og aldri kom tilbake. Langt i frå den beste sitcommen, heller ei typisk familiegreie. Det var OK for ein periode. Men når eg byrja å måtte kutte litt ned på ymse seriar etter ein lengre friperiode så var ikkje Complete Savages aktuell. At tv-kanalen kansellerte den er jo også eit svakt teikn, likevel om ikkje alltid kanselleringar er rettferdige.
Medium
Ikkje ein dårleg serie, men ikkje heilt min smak. Så i staden for å sjå denne serien, viss einaste grunn då er at eg faktisk starta å sjå den, så let eg vere.
Og brukar tida på å finne ein anna serie som fengar meir.
Tokyo Underground
Tokyo Underground høyrtes ut som ein kul serie på namnet når eg kom over den via AnimeNFO tidlegare. Men til tross for det var ikkje serien noko å samle på. Eg tok meg tida til å sjå to episodar, likevel om eg synst det var ganske så kjedeleg allereie etter den første.
Så konklusjonen er: Kult namn, kjedeleg serie.
Unscripted
Ein godt skrive serie skal vere, vel, godt skrive! Unscripted var basert på ideen å ikkje ha noko manus, så det blir ein motsetning til mine tankar om bra. Men om serien faktisk ikkje hadde manus, eller berre skulle gi uttrykk for det, har eg ingen peiling på. Det einaste eg veit, er at eg ikkje likte dette.
