IMDb: 4.9/10 (580 votes)
Idiotisk film, viss einaste morosame scener er der flugene Buzz og Scuzz dukkar opp i. Gåsa er på kanten, men sjølve historien er svak, for mainstream, og brukt i andre settingar meir enn nok.
Ingen kjente ansikt til å vege opp for filmen her heller. Frankie Muniz som stemme til sebraen og Snoop Dogg for hunden kjem aldri skikkeleg fram.
4/10
IMDb: 6.4/10 (10,478 votes)
Nok ein Ben Stiller-komedie. Ingenting spesielt med denne, utan at den er kjedeleg. Eit par småbitar var faktisk ganske så fornøyelege. Sjølvsagt så måtte Owen Wilson dukke opp her, det er kult!
Når eg var ung, eller yngre, og følgte med på «South Park», blei eg så påverka av dissinga av Barbara at eg framleis sitt igjen med negative tankar om dama, dette påverka diverre filmen, ettersom ho er ein av foreldrene her. Men tør eg påstå ho er meir oppegåande enn «South Park»-gjengen gav uttrykk for?
Faktisk er Focker-familien eit godt bilde på korleis ein familie bør vere opne med kvarandre, sjølv om det nok er overdrive her, og eg ikkje står for alle verdiane.
6/10
IMDb: 7.8/10 (9,082 votes)
Vakker film. Eg hadde problem med lyden, noko som øydelagte for kor mykje av vokalen og snakkinga eg fekk med meg, men det gjekk greitt med underteksting.
Ein interessant livshistorie, god musikk, ja, det er autobiografien til ein musikar på stoff. Slike filmar gir ofte grei underholdning. Likevel om eg har liten kjennskap til Ray Charles, så funka det. Foten min blei teken på fersken i å trampe i takt med musikken, og tekstane er fine.
7/10
IMDb: 4.8/10 (3,214 votes)
Kva var det som skjedde no? Dette er spørsmålet eg spurte meg sjølv når rulleteksten til Elektra dukka opp. Eg trur svaret er så enkelt som ingenting spesielt. For her var det berre overklypte slosscener og eit par søte kvinner i ein elles tam film. For å hente eit sitat frå IMDb:
«Elektra» succeeds because of Garner’s dedication to the character, and her willingness to go along with some rather outlandish ideas for a comic book adventure…
Men filmen kjeda ikkje meg. Eg såg på klokka berre ein gong i løpet av filmen. Så det er heller ikkje det verste mølet eg har sett. Anbefalast likevel ikkje.
3/10
9 episodar.
Ein fin pokerserie. Ikkje fullstendig realistisk skildring av Las Vegas har eg høyrt, men det hindrar ikkje det i Ã¥ vere ein god serie. Det vil sei, byrjinga av serien var god, men halve sesongen (midt i) var ganske kjedeleg, og eg stoppa Ã¥ følge med pÃ¥ den pÃ¥ grunn av dette. Men sÃ¥ fekk eg høyre at slutten skulle vere god, sÃ¥ eg gjenoppliva den frÃ¥ «slutt-bunken» min, noko eg ikkje angrar pÃ¥.
IMDb: 7.7/10 (1,664 votes)
Dette må vere den mest morosame filmen eg har sett, iallfall i år. Det er så fullt med spesialeffektar utanom det sannsynlege som ein ikkje hadde venta å sjå i ein film. Som ei scene der husvertinna jagar vår hovudperson Sing i bippe-stankelbeinstil. Kwok Kuen Chan, som er ansiktet til Brother Sum her, er ein fryd å sjå som heilsprø gjengleiar, med eit smil som kan skremme den vante narkomane av stoffet.
Historien, den hoppar me glatt over her. Det er ikkje den som er viktig, heller alt det andre sprø, som dei rå dataanimerte überMatrixliknande slossescenene, eg hadde visst ikkje gått lei av slikt likevel.
7/10
IMDb: 8.3/10 (15,357 votes)
Ein fin film frå Clint Eastwood. Den beste boksefilmen eg har sett hittil, men så har eg ikkje sett anna enn «Rocky» og «Ali».
Pluss ved filmen: Den gradvise overgangen frå amatør til pro for Maggie Fitzgerald (Hilary Swank). Den fattige atmosfæren. Dei forskjellige tinga som skjedde i bakgrunnen, og som ikkje blei fortalt direkte til oss, men virka inn på filmen som heilheit. For eksempel så kjøpte Frankie Dunn seg ein ny bil, noko som var naturleg med pengane han tente, det blei aldri nemnt. Mange slike småting her og der.
6/10
IMDb: 7.8/10 (8,734 votes)
«Good Bye Lenin!» er ein varm og morosam tysk komedie som fortenar ein plass i den vante filmtimeplanen til kven som helst. Sjølv har eg liten kjennskap til tyske historie utanom dei små bitane som blei servert i tysktimar og slikt. DDR er eit rimeleg tomt rom for meg. Men eg satsar på at miljøet i filmen her er korrekt nok.
At historia er basert på ei sann historie tvilar eg på. Mora i filmen må ha vore ein av dei beste mødrene i verdshistoria, om sonen gjer så mykje for at ho skal trivast. Måten det heile blir avslutta på kjem som ein lettelse både på sjåar og personane i filmen.
6/10
13 episodar.
Sesongavslutning, så trist! Heile sesongen, minus eit par episodar, har vore artig. Og serien har fått ei verdig avslutning i form av ein todelt langepisode; «The Perfect Person Episode». Eg vil nok sakne denne serien, men dei har i det minste gitt seg på topp.
Nokre avsløringar her. Serien slutta pÃ¥ vanleg vis, der me fÃ¥r svar pÃ¥ noko av det som vil skje, men andre ting forblir opne. Eg tenker først og fremst pÃ¥ den døande klovnen, han døydde ikkje, men fekk i det minste ei ny badekÃ¥pe. Kva skjedde med Tess og modellkarrieren? Kva skjedde med Bowie’s record? Marni og Nate vil nok level lykkeleg i galskap til ende..
IMDb: 7.3/10 (79 votes)
Også kjent som «Scorpion King» eller «Operation Scorpio». Eg er skuffa over dei siste Hong Kong Legends innkjøpa mine, dei 4 siste har vore rimeleg svake, og mine framtidige investeringar vil gå til andre selskaps titlar.
Ein teikneserieskapar, idiot sådan, vil trene og bli sterk så han kan redde svake og fattige folk. Så han gjer det, enkelt og greitt. Teknikkane er litt artige å sjå på, men skodespelet trekk godt ned her, og eg kunne ikkje unngå å irritere meg over det. Lyden var også ute av sync (på ein DVD!), og bildekvaliteten var ein svak 5/10. Digitalt oppussa stod det på omslaget, med tørr klut eller jifmopp?
5/10