Hotel Rwanda (2004)
User Rating: 8.5/10 (3,762 votes)
Filmar basert på sanne historiar pleier eg å like, stort sett. Det finst unntak, men dei pleier eg å gløyme fort. «The Aviator» er ei godt eksempel på ein film basert på ei sann historie som eg kan like.
I «Hotel Rwanda», som er basert på ei sann historie, er kampane mellom tutsisane og hutuana midtpunktet. Ein grusom krig som har tatt livet av over ein million mennesker. Don Cheadle spelar Paul Rusesabagina, ein vanleg mann som blir ein lokal helt. Cheadle spelar godt, noko Nick Nolte derimot ikkje gjer. Eg er også skuffa over Raude Kors dama, Cara Seymour, eg klarte ikkje sjå på ho som seriøs. Heldigvis hadde ho ikkje den største rolla her. Så Nick Nolte blir min einaste store grunn til å klage over, han passar rett og slett ikkje som høgt tilsett i FN, det har han fått for mykje alkohol i seg til å gjere.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
