TV samlepost III
Kujibiki Unbalance
Ein spin-off til «Genshiken», så eg håpte det ville vere bra, for er det ein anime-serie eg har hatt glede av så er det nettopp «Genshiken». Men dette er berre endå ein av mange fanservice-seriar, noko eg med ein viss flau smak i munnen må innrømme at eg visste om at det ville bli. Kanskje det var poenget, men det betyr ikkje at eg likar det.
Yakitate Japan
Den første tv-serien som har inspirert meg til å bake. Meir spesifikk, bake franske croissants. Når det gjeld serien så var det nok ein gong meg og min natur i å vere utålmodig og kravstor til anime som fekk meg til å legge denne serien på hylla. For det skjer veldig lite i den gjennomsnittlege episode, og ventetida i mellom kvar enkelt i forhold til det eg fekk ut av dei var for stor.
School Rumble
Eg fylgde med denne serien over ein lengre periode, og den var god, likevel om ingenting skjedde. Altså god til eit visst punkt, der eg blei lei og gav opp. Dette er ein ganske standard serie om ei jente på japansk high school som blir forelska i ein fyr, men som ikkje torer å sei det til han. Så har du ein anna gut som igjen er forelska i den overnemnte jenta.
Point Pleasant
Point Pleasant er ikkje åleine i å få meg til å misse interessen rundt serien eit par veker i forkant av at serien blir kansellert. Det skal meir til i lengden enn fin setting og pene jenter for å halde interessen oppe. Alt djevelsnakket og det overnaturlege blir berre tullball i denne serien, som på mange måtar blir for lys og uskuldig for historia si.
Mahoraba Heartful Days
Eg var på jakt etter noko i same sjanger som Love Hina, og kom over denne serien. Men diverre var den akkurat byrja å gå, og eg takla ikkje ventetiden mellom kvar episode. Kanskje dette var for mitt eige beste, for i ettertid vil eg tru at serien ikkje hadde så mykje fornuftig å by på. Mest sjangling frå ein ende til annan, fram og tilbake.
Numb3rs
På lik linje med Medium, så var ikkje dette ein serie som fall i smak. Her er det ein politietterforskar som får hjelp av den smarte broren sin som kan løyse saker ved hjelp av logikk. Heng litt i ein tynn tråd synst eg. Men serien kan jo hende at gjer seg betre i heilheit, og at tilogmed eg ein gong vil kunne like å sjå den. Akkurat no så har eg anna å bruke tida på.
