Good Bye Lenin! (2003)
User Rating: 7.8/10 (8,734 votes)
«Good Bye Lenin!» er ein varm og morosam tysk komedie som fortenar ein plass i den vante filmtimeplanen til kven som helst. Sjølv har eg liten kjennskap til tyske historie utanom dei små bitane som blei servert i tysktimar og slikt. DDR er eit rimeleg tomt rom for meg. Men eg satsar på at miljøet i filmen her er korrekt nok.
At historia er basert på ei sann historie tvilar eg på. Mora i filmen må ha vore ein av dei beste mødrene i verdshistoria, om sonen gjer så mykje for at ho skal trivast. Måten det heile blir avslutta på kjem som ein lettelse både på sjåar og personane i filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
