Filmdagbok
ness
21-mar-2005

Million Dollar Baby (2004)

Million Dollar BabyUser Rating: 8.3/10 (15,357 votes)

Ein fin film frå Clint Eastwood. Den beste boksefilmen eg har sett hittil, men så har eg ikkje sett anna enn «Rocky» og «Ali».

Pluss ved filmen: Den gradvise overgangen frå amatør til pro for Maggie Fitzgerald (Hilary Swank). Den fattige atmosfæren. Dei forskjellige tinga som skjedde i bakgrunnen, og som ikkje blei fortalt direkte til oss, men virka inn på filmen som heilheit. For eksempel så kjøpte Frankie Dunn seg ein ny bil, noko som var naturleg med pengane han tente, det blei aldri nemnt. Mange slike småting her og der.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10