Filmdagbok
ness
23-mar-2005

Kung fu (2004)

Kung Fu HustleUser Rating: 7.7/10 (1,664 votes)

Dette må vere den morsomaste filmen eg har sett, iallfall i år. Det er så fullt med spesialeffektar utanom det sannsynlege som ein ikkje hadde venta å sjå i ein film. Som ei scene der husvertinna jagar vår hovudperson Sing i bippe-stankelbeinstil. Kwok Kuen Chan, som er ansiktet til Brother Sum her, er ein fryd å sjå som heilsprø gjengleiar, med eit smil som kan skremme den vante narkomane av stoffet.

Historien, den hoppar me glatt over her. Det er ikkje den som er viktig, heller alt det andre sprø, som dei rå dataanimerte überMatrixliknande slossescenene, eg hadde visst ikkje gått lei av slikt likevel.

For ein meir detaljert anmeldelse, gå til Filmantrop.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.