Filmdagbok
ness
14-mar-2005

TV samlepost III

Kujibiki Unbalance

Kujibiki UnbalanceEin spin-off til «Genshiken», så eg håpte det ville vere bra, for er det ein anime-serie eg har hatt glede av så er det nettopp «Genshiken». Men dette er berre endå ein av mange fanservice-seriar, noko eg med ein viss flau smak i munnen må innrømme at eg visste om at det ville bli. Kanskje det var poenget, men det betyr ikkje at eg likar det.

Yakitate Japan

Yakitate JapanDen første tv-serien som har inspirert meg til å bake. Meir spesifikk, bake franske croissants. Når det gjeld serien så var det nok ein gong meg og min natur i å vere utålmodig og kravstor til anime som fekk meg til å legge denne serien på hylla. For det skjer veldig lite i den gjennomsnittlege episode, og ventetida i mellom kvar enkelt i forhold til det eg fekk ut av dei var for stor.

School Rumble

School RumbleEg fylgde med denne serien over ein lengre periode, og den var god, likevel om ingenting skjedde. Altså god til eit visst punkt, der eg blei lei og gav opp. Dette er ein ganske standard serie om ei jente på japansk high school som blir forelska i ein fyr, men som ikkje torer å sei det til han. Så har du ein anna gut som igjen er forelska i den overnemnte jenta.

Point Pleasant

Point PleasantPoint Pleasant er ikkje åleine i å få meg til å misse interessen rundt serien eit par veker i forkant av at serien blir kansellert. Det skal meir til i lengden enn fin setting og pene jenter for å halde interessen oppe. Alt djevelsnakket og det overnaturlege blir berre tullball i denne serien, som på mange måtar blir for lys og uskuldig for historia si.

Mahoraba Heartful Days

Mahoraba Heartful DaysEg var på jakt etter noko i same sjanger som Love Hina, og kom over denne serien. Men diverre var den akkurat byrja å gå, og eg takla ikkje ventetiden mellom kvar episode. Kanskje dette var for mitt eige beste, for i ettertid vil eg tru at serien ikkje hadde så mykje fornuftig å by på. Mest sjangling frå ein ende til annan, fram og tilbake.

Numb3rs

Numb3rsPå lik linje med Medium, så var ikkje dette ein serie som fall i smak. Her er det ein politietterforskar som får hjelp av den smarte broren sin som kan løyse saker ved hjelp av logikk. Heng litt i ein tynn tråd synst eg. Men serien kan jo hende at gjer seg betre i heilheit, og at tilogmed eg ein gong vil kunne like å sjå den. Akkurat no så har eg anna å bruke tida på.

 
ness
13-mar-2005

Tomorrow Never Dies (1997)

Tomorrow Never Dies James BondUser Rating: 6.4/10 (18,820 votes)

Ingen overraskelse, dette var heller ikkje den beste James Bond filmen der ute. Viss du vil ha middels spenningsfilm, tallause eksplosjonar iblanda reklamefilm, så er dette filmen! Mangelen på stil trekk ned, humoren er heilt grei, men kunne ha vore betre med tanke på alle vitseforfattarane der ute.

Produksjonen må det også trekkast ned på, mange feil, som blant anna tydelege spor av at eksplosjonar kjem ut frå objektet det blir krasja i, les: steinvegg eksploderar før bilen!

Døll, men akseptabel underholding, Brosnan reddar nok litt av filmen, men eg saknar likevel gode dialogar til å underbygge handlinga her. Når tilogmed eg kan hugse det meste som blir sagt, så er det eit teikn på det dårlege.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-mar-2005

His and Her Circumstances sesong 1

Kare Kano26 episodar.

Eg angrar på at eg kjøpte denne på DVD, og den vil nok snart forsvinne frå hylla mi igjen. Eg kunne brukt pengane på noko mykje betre, men slikt kan skje når ein stolar blindt på brukaroppslutning. Historien er i og for seg like grei som mykje anna eg har sett, men problemet ligg i at det går så seint framover. Hadde dei pressa serien ned til 10 episodar kunne eg kanskje ha sett på det med blidare auge. Animasjonen er heller ikkje særleg pen å sjå på, og mykje av tiden blir brukt på stillbilder, rett og slett. Teiknestilen er av den enkle typen, så er du fan av dataanimasjon skjult som teikningar, så ser du i feil retning.

Flashbacks er det også altfor mange av. Og minst 5 minuttar av kvar episode er reprise, opningssekvens og avslutningssekvens. 2 eller 3 av dei 26 episodane er episodar der over halvparten av tida er flashbacks. Så mitt forslag til deg er, at bruk gjerne tiden på noko anna, og ikkje minst pengane!

 
ness
05-mar-2005

Hotel Rwanda (2004)

User Rating: 8.5/10 (3,762 votes)

Hotel RwandaFilmar basert på sanne historiar pleier eg å like, stort sett. Det finst unntak, men dei pleier eg å gløyme fort. «The Aviator» er ei godt eksempel på ein film basert på ei sann historie som eg kan like.

I «Hotel Rwanda», som er basert på ei sann historie, er kampane mellom tutsisane og hutuana midtpunktet. Ein grusom krig som har tatt livet av over ein million mennesker. Don Cheadle spelar Paul Rusesabagina, ein vanleg mann som blir ein lokal helt. Cheadle spelar godt, noko Nick Nolte derimot ikkje gjer. Eg er også skuffa over Raude Kors dama, Cara Seymour, eg klarte ikkje sjå på ho som seriøs. Heldigvis hadde ho ikkje den største rolla her. Så Nick Nolte blir min einaste store grunn til å klage over, han passar rett og slett ikkje som høgt tilsett i FN, det har han fått for mykje alkohol i seg til å gjere.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10