Hide and Seek (2005)
User Rating: 5.2/10 (3,599 votes)
At denne filmen har fått så svak rating kan eg ikkje skjønne. Samanlikna med «White Noise» som eg såg for to veker sidan, så er denne faktisk litt guffen. Men eg skulle likt å sett meir av Charlie.
Kanskje grunnen til den dårlege ratingen er at historien brukte ei stund på å bygge seg opp, og at Robert De Niro eigentleg ikkje imponerar særleg her. Grunnen til at eg likte denne er at det skil seg frå vanlege Hollywoodfilmar på oppbygginga. Eg visste ikkje heilt kor eg kunne forvente meg at ting ville skje.
Dakota Fanning, den unge jenta, er flink til å vere så ung. Og ho viser ingen teikn til å vere overflink, som nokon unge skodespelarar er. Dei er for vaksne, og det er irriterande. Barn er barn.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

8 episodar.

Med ein lovande start gjekk likevel serien nord og ned etter kort tid. Eg stoppa å følge med på serien etter fem eller seks episodar, men fann ut at eg kunne sjå dei to siste og sidan serien blei kansellert to veker etter.
Eg såg dei to første episodane av 2005 versjonen av serien, men dei levde ikkje opp til forventingane mine.
Ein heilt OK serie, men ikkje direkte realistisk. Det blir for mykje billeg show-off som ikkje heng på greip for den som er gjennomsnittleg eller meir interessert i gadgets.




(0 hittil)