Filmdagbok
ness
02-apr-2005

Der Untergang (2004)

Der UntergangUser Rating: 8.3/10 (5,306 votes)

Ein film som fokuserar fullt og heilt på Hitler og det som skjer nær han i bunkeren under dei siste månadane av 2. verdskrig. Og lat meg få sagt det, Hitler var ein sjuk, sjuk mann! Eg tykkjer litt snd på Traudl som blei involvert i det han dreiv med.

Det me får sjå her er både informativt og lærerik. Det er ei god beskriving av Hitler (vil eg tru), om korleis han var blant folk. Kanskje det blir lagt litt for mykje vekt på dette, og at dei heller skulle ha vist han som ein litt meir gal person?

Summa sumarum kan eg sei filmen var god, men mi heller labre interesse for krigsfilmar trekk nok ned ein del, og det blir kjedeleg mot slutten.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.