Filmdagbok
ness
03-apr-2005

Un long dimanche de fiançailles (2004)

A Very Long EngagementUser Rating: 7.8/10 (4,486 votes)

Også kjent som «En langvarig forlovelse eller «A Very Long Engagement». Ein film eg har sett fram til heilt sidan den blei annonsert. Dette fordi det er same regissør og hovudrolleinnhavar som frå «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain». Ein kan tydeleg sjå på filmen at det er ein film av Jean-Pierre Jeunet, på både fargar og rollebeskrivingane. Dessutan er det ikkje berre Audrey Tautou som går igjen.

Filmen var ikkje dårleg, men det var meir drama enn komedie, og blei litt treigt når det heile var satt til ei tid like etter 1. verdskrig. Det kan jo og hende at filmen er retta mot ei litt eldre målgruppe enn «Amélie»?

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10