The Polar Express (2004)
User Rating: 6.8/10 (3,915 votes)
Ironisk nok, når eg først ventar ei stund på å få sett ein julefilm, så forsvinn snøen før eg får gjort det. Først av alt, så vil eg kommentere animasjonen til filmen, som eg slettes ikkje er imponert over. Dei prøver å vere realistiske, og det ser ikkje bra ut. Hadde dei satsa på eit meir teikneserieaktig preg i det minste. Som i «The Incredibles» f.eks.
Tog kan vere fine greier, så lenge det ikkje er snakk om dette toget, for det er eit kjedeleg eit. Den har ei passangervogn og eit bibliotek som me ikkje blir nok kjent med. Filmen utforska for lite på dette område. Og nord-polen ser ut til å vere ein kjdeleg plass og, med ein plastikkaktig julenisse. Einaste skrytet eg vil gi til filmen er at dei har tona ned på julepynten enkelte stader, nok til ikkje å bli kvalm.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
