Filmdagbok
ness
14-apr-2005

TV samlepost IV

Jonny Zero

Johnny ZeroMed ein lovande start gjekk likevel serien nord og ned etter kort tid. Eg stoppa å følge med på serien etter fem eller seks episodar, men fann ut at eg kunne sjå dei to siste og sidan serien blei kansellert to veker etter.

Konklusjonen er at det var noko nytt, kult og artig i starten, men frå og med andre episode var det berre opp igjen det same. Og den tamme utviklinga og lite spennande handlinga er nok grunnen til at folk mista interessen.

Doctor Who

Doctor WhoEg såg dei to første episodane av 2005 versjonen av serien, men dei levde ikkje opp til forventingane mine.

Heile serien har eit preg av amatør over seg, det finst betre ting å bruke tiden på!

Eyes

EyesEin heilt OK serie, men ikkje direkte realistisk. Det blir for mykje billeg show-off som ikkje heng på greip for den som er gjennomsnittleg eller meir interessert i gadgets.

Sidan den ikkje var meir enn heilt OK er det kanskje like greitt den blei kansellert.