Le Placard (2001)
User Rating: 7.1/10 (3,046 votes)
I «The Closet» møter me Pignon, som jobbar på ein kondomfabrikk, men er i ferd med å bli sparka. Så får han ein ny nabo, Belone, som kjem med ideén at viss Pignon gir seg ut for å vere homofil, så vil ikkje fabrikken tore å sparke han, for det vil verke negativt på deira front utad.
Når alle trur Pignon er homofil så startar dei å oppføre seg annleis i nærheita av han. Litt etter litt forandrar han seg sjølv og. Forandring er essensielt for film. Sjølvsagt er vår venn Pignon heterofil, men å spele homofil gir faktisk livet hans meir meining.
Denne franske komedien er ein underholdande film, med god vekt på karakterutvikling, mange interessante karakterar. Og på botnen finst det ein bodskap, som eg vil oppfordre deg til å finne ut av sjølv.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
