Hide and Seek (2005)
User Rating: 5.2/10 (3,599 votes)
At denne filmen har fått så svak rating kan eg ikkje skjønne. Samanlikna med «White Noise» som eg såg for to veker sidan, så er denne faktisk litt guffen. Men eg skulle likt å sett meir av Charlie.
Kanskje grunnen til den dårlege ratingen er at historien brukte ei stund på å bygge seg opp, og at Robert De Niro eigentleg ikkje imponerar særleg her. Grunnen til at eg likte denne er at det skil seg frå vanlege Hollywoodfilmar på oppbygginga. Eg visste ikkje heilt kor eg kunne forvente meg at ting ville skje.
Dakota Fanning, den unge jenta, er flink til å vere så ung. Og ho viser ingen teikn til å vere overflink, som nokon unge skodespelarar er. Dei er for vaksne, og det er irriterande. Barn er barn.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
