Filmdagbok
ness
06-apr-2005

Beck: Mongolian Chop Squad sesong 1

Beck26 episodar.

Svak slutt på ein serie som starta bra, men som ikkje var så sterk mot slutten. Eit par månader har gått når me møter gjengen frå Beck i denne episoden, og dei har gått kvar til sitt. Koyuki tek mot til seg og snakkar med bandmedlemmane, noko han ikkje har gjort sidan Beck blei splitta. Men Ryuusuke er det ingen spor etter.

Dei reiser så på turne til Amelica (USA) utan Ryuusuke. Men kven trur du dei møter der? Slik slutta den serien.

 
ness
06-apr-2005

Be Cool (2005)

Be CoolUser Rating: 5.5/10 (2,900 votes)

Denne ratingen må vere ein spøk, eg synst denne filmen fortente ein 6/10, minst. Å sette John Travolta og Uma Thurman saman på denne måten er ein klar hyllest eller kopi av «Pulp Fiction».

Det er stilig og morosamt, og plenty av kjente ansikt. Andre 3000, rapartisten frå Outkast, er ein av dei. Han viser seg faktisk å vere ganske artig. Ser fram til å sjå han i andre filmar.

Historia er basert på Chili Palmer si oppdaging av den gode songerinna Linda Moon. For meg er det ingenting spesielt med Moon, ho har bra stemme, men ingen særeigenheit som gjer ho til ein utmerka artist. Heldigvis er ho ikkje så viktig for resten av filmen, som først og fremst er om musikkbransjen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-apr-2005

Un long dimanche de fiançailles (2004)

A Very Long EngagementUser Rating: 7.8/10 (4,486 votes)

Også kjent som «En langvarig forlovelse eller «A Very Long Engagement». Ein film eg har sett fram til heilt sidan den blei annonsert. Dette fordi det er same regissør og hovudrolleinnhavar som frå «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain». Ein kan tydeleg sjå på filmen at det er ein film av Jean-Pierre Jeunet, på både fargar og rollebeskrivingane. Dessutan er det ikkje berre Audrey Tautou som går igjen.

Filmen var ikkje dårleg, men det var meir drama enn komedie, og blei litt treigt når det heile var satt til ei tid like etter 1. verdskrig. Det kan jo og hende at filmen er retta mot ei litt eldre målgruppe enn «Amélie»?

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-apr-2005

Oldboy (2003)

OldboyUser Rating: 8.5/10 (7,430 votes)

Dae-su Oh blir halde fengsla i 15 år utan å vite av kven eller kvifor. Når han bli sluppe fri er han sugen på å kvinne ut kven dei er, og hemne seg. Eg såg fram til ein psykotisk Dae-su etter å ha observert filmtraileren på Apple, men han er ikkje så skrudd som eg forventa, likevel om han fortsatt er skrudd. Når det var igjen ein time av filmen fekk ei kjensle av at filmen var ferdig, men så plutseleg tok den ein interessant og uventa retning.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-apr-2005

Der Untergang (2004)

Der UntergangUser Rating: 8.3/10 (5,306 votes)

Ein film som fokuserar fullt og heilt på Hitler og det som skjer nær han i bunkeren under dei siste månadane av 2. verdskrig. Og lat meg få sagt det, Hitler var ein sjuk, sjuk mann! Eg tykkjer litt snd på Traudl som blei involvert i det han dreiv med.

Det me får sjå her er både informativt og lærerik. Det er ei god beskriving av Hitler (vil eg tru), om korleis han var blant folk. Kanskje det blir lagt litt for mykje vekt på dette, og at dei heller skulle ha vist han som ein litt meir gal person?

Summa sumarum kan eg sei filmen var god, men mi heller labre interesse for krigsfilmar trekk nok ned ein del, og det blir kjedeleg mot slutten.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10