Arkivet til mai-2005

The Jacket (2005)

IMDb: 6.5/10 (2,100 votes)
Jack (Adrien Brody) får vite at han skal dø i løpet av få dagar, men han må sjølv finne ut kvifor. Det er ingen ordinær måte han kan finne ut dette på heller, for han er innsperra i ein bokse på eit likrom — iført tvangstrøye.
I boksen hamnar han i ei alternativ [...]

A Room with a View (1985)

IMDb: 7.4/10 (6,420 votes)
Langt frå det beste romantiske dramaet eg har sett. Den gav ikkje meg den gode kjensla eit kvalitetsdrama i denne sjangeren bør gi. Innimellom var filmen kjedeleg, smått avveksla med småmorosame scener. Avstanden til favorittdramafilmane mine er nok stor. Og eg har ikkje så mykje til overs for Helena Bonham Carter.
Eg har [...]

Blade: Trinity (2004)

IMDb: 5.7/10 (7,984 votes)
Dette er så mykje at det ikkje går an å unngå å le av det.
Produktplassering opp til ølmagen og så overgjort tale at ein kan bli valt til president av mindre.
Pluss for mykje eksplosjonar. Alt gjer filmen meir til ein komedie enn thriller og horror.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 [...]

Freeway (1996)

IMDb: 6.5/10 (5,001 votes)
Kiefer Sutherland og Reese Witherspoon i ein film som stadig vekk går på TV2, og som eg nok har sett før. Det er ein grei film om rødhette frå 1990-talet inkludert ein seriemordar og ei ung forstyrra jente.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Butterfly Effect (2004)

IMDb: 7.6/10 (23,481 votes)
Evan (Asthon Kutcher) lid av ein rar for form black-outs, som han seinare i livet finn ut at er forårsaka av tidsreiser tilbake i tid for å forandre handlingar som er gjort.
Men uansett korleis han forandrar handlingane i fortiden, så blir resultatet skrudd på hovudet. Ein god thriller og psykologisk film.
Vurdering: 1 [...]

Pauly Shore Is Dead (2003)

IMDb: 5.0/10 (552 votes)
Ikkje den beste filmen dette her. Utan kjente personar ville den vore eit stort ingenting. Og eg tvilar på at omstendigheitene rundt var som dei var i filmen, eller om han har teke sjansen på å lage noko som er typisk seg sjølv, oppskrytt møl.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 [...]

Lost sesong 1

25 episodar.
Serien avslutta innleiiande sesong med ein dobbelepisode, full med spenning og mykje som skjedde heile vegen var eg rett og slett litt paff, og sat igjen som eit einaste stort spørsmålsteikn. Eg kan ikkje unngå å tru at det må vere noko mystisk som føregår på/med øya, men det er også dei folka som [...]

Dawn of the Dead (1978)

IMDb: 7.7/10 (12,724 votes)
Zombiefilmar er ikkje min favorittsjanger, så det er sagt. Men dette var då faktisk rimeleg festleg, kanskje litt for lang, men ingen problem å gjennomføre. Sist eg skulle sjå filmen, klarte eg ikkje meir enn 10 minutt, men filmsmaken min har tydelegvis opna seg for meir spesielle titlar. Effektane og skodespelarane skal [...]

Desperate Housewives sesong 1

22 episodar.
Ein herleg sesongavslutning frå damene i Wisteria Lane. Det var ting eg ikkje likte her og, som det som skjedde med Rex Van Der Kamp. Men eg satte pris på det Mike si avgjersle angåande Paul Young. Men kva om Paul laug, kva om han drap Deidra?
Ei ny dame er flytta inn i nabolaget, [...]

Danny the Dog (2005)

IMDb: 7.3/10 (2,110 votes)
Eit offer for å ha fått ein misvisande filmtrailer, ein trailer som fokuserar utelukkande på spenning og slossing. Tingen er at dette og er ein stor del drama, som er den sentrale delen av filmen. Valden var kraftige saker. Eg lo godt i dei scenene det var slossing, og når eg ler [...]

La Vita è bella (1997)

IMDb: 8.4/10 (38,212 votes)
Også kjent som «Life is Beautiful». Ein vakker film om eit vakker liv. Veldig avslappande og roleg. Varm humor, ei trist undertone etter jødane blir frakta avgarde, men filmen klarar likevel å behalde sjarmen sin gjennom dette.
Eg kjøper gjerne denne type dramakomedie på DVD for å sjå det opp igjen, men akkurat [...]

Dirty Harry (1971)

IMDb: 7.6/10 (11,171 votes)
Ein god film med Client Eastwood som ikkje fullt så A4 politiinspektør ved namn Harry Callahan. Han er ikkje ‘dirty’ ved at han gjer ting for skurkar og får betalt for det. Han gjer berre ting på sin eigen måte.
I know what’cha thinking, punk. You’re thinking: Did he fires six shots, or [...]

Lemony Snicket’s A Series of Unfortunate Events (2004)

IMDb: 6.7/10 (8,812 votes)
Flott miljø, flotte modellar og flotte bygningar. Alt ser pent ut på overflata. Historien er litt småond, og det gjer seg bra. Men likevel var det noko som ikkje fungerte her. Det blei fort kjedeleg. Faktisk hugsa eg berre ei svært morosam scene når eg sit her og skriv, og det var [...]

Suspect Zero (2004)

IMDb: 5.7/10 (1,410 votes)
Eg brukte ei heil veke på å sjå denne filmen, kan det vere eit godt teikn? Trur ikkje det nei! Filmen har eit brunt og gråaktig fargefilter som eg ikkje likar.
Filmen handlar om ein FBI agent som er på jakt etter ein seriemordar, og får hjelp av ein tidlegare agent. Så skal [...]

Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith (2005)

IMDb: 8.3/10 (15,821 votes)
Ein lang, men god film, som veks nærmare på deg undervegs. Lyssverdkampen var i overkant av fargerik, og i fare for å utvikle epilepsi så lukka eg augo. Det er i overkant av spesialeffektar, men George Lucas tek var på publikum undervegs med nokre nedstressa scener.
Og ein ting som er sikkert, eg [...]

Smallville sesong 4

22 episodar.
Då eg fekk nyss om at det ville bli ein 90 minuttar lang sesongavslutning, blei eg veldig gira. Men skuffelsen kom då eg innsåg at det var 50 minuttar «Smallville», 10 minuttar «Batman Begins» preview og 30 minuttar reklame. For eg hadde ikkje sjekka den faktiske lengda på episoden før eg gjekk i gong [...]

The O.C. sesong 2

24 episodar.
Alt i alt så var sesong to ein skuffelse, full i fillers og fanservice. For mykje fanservice altså. Sesongavslutninga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som den til sesong 1. Så eg er heller skuffa, eg såg fram til noko så mykje betre. Når eg høyrte at Jimmy skulle komme tilbake så forventa [...]

Harold & Kumar Go to White Castle (2004)

IMDb: 7.1/10 (8,492 votes)
Følgande stod på IMDb: «Everything “Dude Where’s My Car» should have been». Eg tenkte akkurat på det same. Begge er fine komediar. Denne så fin at eg etter å ha sett den før hadde lyst å sjå den igjen.
Akkurat som med «American Pie» er dette ein slik komedie som ein kan sjå [...]

Star Wars: Episode II – Attack of the Clones (2002)

IMDb: 7.0/10 (64,220 votes)
Mykje betre enn episode 1. Anakin Skywalker er no blitt 10 år eldre, og etter kvart som tiden går så blir tankane hans mørkare og mørkare. Han når ikkje heilt den mørke sida endå.
Eg klarte ikkje vente på episode 3 til å komme på kino, så eg kjøpte eit teikneseriealbum til den [...]

Star Wars: Episode I – The Phantom Menace (1999)

IMDb: 6.4/10 (84,817 votes)
Ein oppfriskingsrunde med dei to første episodane før premiere på den tredje i Star Wars serien. Det er lenge sidan eg såg denne filmen, så lenge at eg nesten hadde gløymt det heilt. På ein måte ein fin ting, så fekk eg ei ny oppleving ved å sjå den igjen.
Det er ein [...]