Citizen Kane (1941)
Det finst meir enn ein grunn til å sjå denne klassikaren. Min første grunn var den høge IMDb-ratingen, den andre grunnen var at filmen har sin plass i boka «1001 filmer du må se før du dør», og den tredje grunnen var at gode venner av meg anbefalte den.
Eg har prøvd før å sjå filmen. Sist gong var vel for cirka 2 år sidan, men gav opp veldig tidleg. Den gongen hadde eg ikkje underteksting, og det meste gjekk meg hus forbi. No hadde eg sjansen å sjå filmen med teksting, så eg fekk faktisk med med ting, og det var ikkje verst. Kulissene har sin sjarm, historien er veldig god, 2 timar var akkurat passe lengde. Alt fall likssom på plass.
Svart/kvitt filmar kan skremme mange, meg og innimellom. Av dei svart/kvitt filmane eg faktisk har sett, så må dette vere ein av dei betre. Saman med filmar som «Casablanca» og «The Man Who Wasn’t There. Du kan skjønne at eg ikkje har sett så mange.
Eg er litt usikker på om eg fekk med meg heilheita i filmen korrekt. Den handlar om ei slags uskuldig griskheit, og ein søken mot noko ein aldri kan få? Rosebud er det her, og sidan det blei teken frå han i så ung alder har han alltid jobba hardt for å få mest mogleg, som skal vege opp for tapet?
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

