Maverick (1994)
Sidan eg tok meg tid til å finne ut så mykje som at dette var ein pokerfilm, har eg sett fram til å sjå den. Det er kanskje 2 år sidan, men eg har aldri gått så langt som å kjøpe denne, så det har teke si tid. Tingen med filmen er at den ikkje er så veldig mykje prega av lande stunder med pokerspeling, men meir bygd opp rundt ei historie om nokre som skal skaffe pengar til å kjøpe seg inn i eit stort spel.
Mel Gibson gjer ein fin jobb som Bret Maverick, og står som eit godt eksempel på kva rollar eg likar å sjå Mel Gibson i. Jodie Foster er ikkje favorittskodespelarinna mi, men som Mrs. Bransford er no nesten søt. Men så er jo Maverick over 10 år gammal.
Filmen er som ein westernkomedie skal vere, innhaldsrik på ulike karakterar, og elles full i fart og spenning.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

