Shark Tale (2004)
Ikkje dårleg, men heller ikkje god. Dette var det første eg las om filmen på IMDb, og eg synst det passa godt nok til å kopiere det inn her. Det som er kult er at så mange kjente folk har gitt stemme til fiskande, Robert De Niro f.eks. Men historien er skikkeleg tam. Animasjonen er ikkje spesielt revolusjonerande, og eg håpar ikkje filmens einaste grunnlag var at den skulle vere animert. For då mislykkast den.
Overtydeleg moralisering er eit anna problem med slike barnefilmar. Ikkje forstå meg feil, moral er ein god ting. Men når det blir servert på teskei, så blir det berre idiotisk. Og greia med at folka har skapt ansiktstrekka til fiskane i stil med folka som har stemmene blir berre rart når filmen blir dubba. Meininga blir borte vekk med det. Kanskje barn ikkje ville brydd seg, men det einaste eg i såfall interesserte meg for når eg såg filmen, ville ha blitt borte om eg hadde blitt servert ein dubba versjon.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

