ness
14-mai-2005

The Final Cut (2004)

The Final CutIMDb: 6.2/10 (1,853 votes)

Nokon folk vil nok tykkje ein film som denne er kjedeleg og sær, men eg likte den. Robin Williams er ein mann eg forbind med Insomnia, One Hour Photo og Good Will Hunting. Mange vil nok heller kjenne han igjen frå dårlege familiekomediar, noko eg prøver å gløyme at han har spelt i.

Likevel om dette er ein sci-fi film så har dei klart å halde tilbake med hightech utstyr. Dei har gitt datamaskinene, eller redigeringsutstyret, trepanel så det får ein retrostil lik møblar frå 1960- og 1970-talet. Eit smart trekk for å gi filmen lengre levetid. Ikkje det at War Games har blitt dårlegare då, men likevel.

Tanken om at ein mann vil spole seg gjennom alt ein person har gjort i livet sitt er på ein måte ekkelt. Frå dei første barnestega via første samleie og kanskje gjennom ei valdtekt eller to av noko, før personen drep nokon? På ein anna måte er det interessant å følge eit menneske slik, men det ligg jo i menneskets natur å vere nysgjerrige på korleis andre folk lever.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10