Filmdagbok
ness
19-mai-2005

Harold & Kumar Go to White Castle (2004)

Harold and Kumar Go to White CastleUser Rating: 7.1/10 (8,492 votes)

Følgande stod på IMDb: «Everything ‹Dude Where’s My Car› should have been». Eg tenkte akkurat på det same. Begge er fine komediar. Denne så fin at eg etter å ha sett den før hadde lyst å sjå den igjen.

Akkurat som med «American Pie» er dette ein slik komedie som ein kan sjå opp igjen fleire gonger, hovudsakleg på grunn av si enkelheit vil eg tru. Potensialet for at denne filmen får ein oppfølgar ser eg ikkje på som urealistisk heller. Håpet er at ein ev. oppfølgar ikkje prøver for hardt å leve opp til denne filmen.

Det er ingen tvil, dette er ein av dei betre stonerkomediane. På mi liste, ein topp 10 kandidat med «American Pie», «Van Wilder» (som eg synst var god!), «Dude, Where’s My Car?» og «American Pie 2». Og korleis er så resten av topp 10 lista mi? Vel, den er ikkje fastlagt endå, så det er ikkje godt å sei.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.