Filmdagbok
ness
21-mai-2005

Smallville sesong 4

22 episodar.

Smallville season 4Då eg fekk nyss om at det ville bli ein 90 minuttar lang sesongavslutning, blei eg veldig gira. Men skuffelsen kom då eg innsåg at det var 50 minuttar «Smallville», 10 minuttar «Batman Begins» preview og 30 minuttar reklame. For eg hadde ikkje sjekka den faktiske lengda på episoden før eg gjekk i gong med den, og difor kom «To be continued…» som eit sjokk på meg, eg trudde faktisk ikkje på det ved det første.

Men no er det over for denne gong, og «Smallville» slutta som vanleg med ein god cliffhanger, så det er ingen tvil om at eg gledar meg til neste sesong. «Smallville» har blitt ein av dei seriane eg har fylgd med på lengst no, i tillegg til «The Sopranos».

Om den siste episoden: Typisk nok, positivt sett, veldig mykje spenning, spenning og spenning. Den var heller ikkje prega av ein melankonsk undertone, som eg ser på som eit sterkt pluss. Ikkje det at triste sesongsavslutningar er dårlege, det kan vere tvert i mot, og kjem heilt an på korleis situasjonen er med å sjå neste episode. Tidlegare i serien, når Clark rømte grunna den raude kryptonitten vart alt snudd på hovudet og det var litt trist, men det var ein god episode! Det som er med denne episoden er at det også markerar ei ny tid for «Smallville». Clark er på veg til å bli Superman, altså på ein tydlegare måte enn før!

 

Stengt for kommentering.