ness
21-mai-2005

The O.C. sesong 2

24 episodar.

The OC Season 2Alt i alt så var sesong to ein skuffelse, full i fillers og fanservice. For mykje fanservice altså. Sesongavslutninga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som den til sesong 1. Så eg er heller skuffa, eg såg fram til noko så mykje betre. Når eg høyrte at Jimmy skulle komme tilbake så forventa eg så mykje meir at eg ikkje visste kva eg forventa. Eg hugsa Jimmy som ein kul fyr, men som hadde seriøse problem. No når han er tilbake er han brått god venn av familien igjen, og alt er bra, det stemmer ikkje heilt! Gravferda til Caleb var ikkje særleg heller, han fortente betre, så viktig som han har vore for serien. Han brukte å vere den onde mannen på ein god måte, men blei for tam utover denne sesongen.

Og er Ryan blitt bølle igjen? Argh, eg føler eg ikkje kan skrive meir, eg føler det er bortkasta tid. «The O.C.» er dømt til å repetere seg sjølv, og eg skulle heller ha venta til sesongen var ferdig før eg fann på å sjå den. Det var slik eg gjorde det med første sesong. Det gjer ein serie så mykje betre!