IMDb: 8.4/10 (38,212 votes)
Også kjent som «Life is Beautiful». Ein vakker film om eit vakker liv. Veldig avslappande og roleg. Varm humor, ei trist undertone etter jødane blir frakta avgarde, men filmen klarar likevel å behalde sjarmen sin gjennom dette.
Eg kjøper gjerne denne type dramakomedie på DVD for å sjå det opp igjen, men akkurat denne filmen ville eg likevel ikkje gått så langt med. Det held å sjå den ein gong.
7/10
IMDb: 7.6/10 (11,171 votes)
Ein god film med Client Eastwood som ikkje fullt sÃ¥ A4 politiinspektør ved namn Harry Callahan. Han er ikkje ‘dirty’ ved at han gjer ting for skurkar og fÃ¥r betalt for det. Han gjer berre ting pÃ¥ sin eigen mÃ¥te.
I know what’cha thinking, punk. You’re thinking: Did he fires six shots, or only five? Now to tell you the truth I forgotton myself in all this exitement. But being this is a .44 Magnum, the most powerful hand gun in the world, I will blow your head clean off. You could ask yourself a question: Do I feel lukcy?
7/10
IMDb: 6.7/10 (8,812 votes)
Flott miljø, flotte modellar og flotte bygningar. Alt ser pent ut på overflata. Historien er litt småond, og det gjer seg bra. Men likevel var det noko som ikkje fungerte her. Det blei fort kjedeleg. Faktisk hugsa eg berre ei svært morosam scene når eg sit her og skriv, og det var når Olaf (Jim Carrey fortalte ei historie om eit tårn, og lo for seg sjølv eit par sekund i ettertid. Den vesle lattersekvensen der, det var det einaste morosame.
Så kan du dømme sjølv, er ein latter godt nok i ein komedie?
5/10
IMDb: 5.7/10 (1,410 votes)
Eg brukte ei heil veke på å sjå denne filmen, kan det vere eit godt teikn? Trur ikkje det nei! Filmen har eit brunt og gråaktig fargefilter som eg ikkje likar.
Filmen handlar om ein FBI agent som er på jakt etter ein seriemordar, og får hjelp av ein tidlegare agent. Så skal eg øydelegge heile greiar her og spørre spørsmålet: Kven av desse to kan vere seriemordaren? Akkurat! Du ville ikkje sett filmen uansett, du har betre ting å gjere.
Einaste fine med filmen er Carrie-Anne Moss, som trass sine 38 år held seg godt. Ok, 38 år er kanskje ikkje så gammalt.
4/10
IMDb: 8.3/10 (15,821 votes)
Ein lang, men god film, som veks nærmare på deg undervegs. Lyssverdkampen var i overkant av fargerik, og i fare for å utvikle epilepsi så lukka eg augo. Det er i overkant av spesialeffektar, men George Lucas tek var på publikum undervegs med nokre nedstressa scener.
Og ein ting som er sikkert, eg fekk skikkeleg lyst å sjå episode 4 igjen.
7/10
22 episodar.
DÃ¥ eg fekk nyss om at det ville bli ein 90 minuttar lang sesongavslutning, blei eg veldig gira. Men skuffelsen kom dÃ¥ eg innsÃ¥g at det var 50 minuttar «Smallville», 10 minuttar «Batman Begins» preview og 30 minuttar reklame. For eg hadde ikkje sjekka den faktiske lengda pÃ¥ episoden før eg gjekk i gong med den, og difor kom «To be continued…» som eit sjokk pÃ¥ meg, eg trudde faktisk ikkje pÃ¥ det ved det første.
Men no er det over for denne gong, og «Smallville» slutta som vanleg med ein god cliffhanger, så det er ingen tvil om at eg gledar meg til neste sesong. «Smallville» har blitt ein av dei seriane eg har fylgd med på lengst no, i tillegg til «The Sopranos».
Om den siste episoden: Typisk nok, positivt sett, veldig mykje spenning, spenning og spenning. Den var heller ikkje prega av ein melankonsk undertone, som eg ser på som eit sterkt pluss. Ikkje det at triste sesongsavslutningar er dårlege, det kan vere tvert i mot, og kjem heilt an på korleis situasjonen er med å sjå neste episode. Tidlegare i serien, når Clark rømte grunna den raude kryptonitten vart alt snudd på hovudet og det var litt trist, men det var ein god episode! Det som er med denne episoden er at det også markerar ei ny tid for «Smallville». Clark er på veg til å bli Superman, altså på ein tydelegare måte enn før!
24 episodar.
Alt i alt så var sesong to ein skuffelse, full i fillers og fanservice. For mykje fanservice altså. Sesongavslutninga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som den til sesong 1. Så eg er heller skuffa, eg såg fram til noko så mykje betre. Når eg høyrte at Jimmy skulle komme tilbake så forventa eg så mykje meir at eg ikkje visste kva eg forventa. Eg hugsa Jimmy som ein kul fyr, men som hadde seriøse problem. No når han er tilbake er han brått god venn av familien igjen, og alt er bra, det stemmer ikkje heilt! Gravferda til Caleb var ikkje særleg heller, han fortente betre, så viktig som han har vore for serien. Han brukte å vere den onde mannen på ein god måte, men blei for tam utover denne sesongen.
Og er Ryan blitt bølle igjen? Argh, eg føler eg ikkje kan skrive meir, eg føler det er bortkasta tid. «The O.C.» er dømt til å repetere seg sjølv, og eg skulle heller ha venta til sesongen var ferdig før eg fann på å sjå den. Det var slik eg gjorde det med første sesong. Det gjer ein serie så mykje betre!
IMDb: 7.1/10 (8,492 votes)
Følgande stod pÃ¥ IMDb: «Everything «Dude Where’s My Car» should have been». Eg tenkte akkurat pÃ¥ det same. Begge er fine komediar. Denne sÃ¥ fin at eg etter Ã¥ ha sett den før hadde lyst Ã¥ sjÃ¥ den igjen.
Akkurat som med «American Pie» er dette ein slik komedie som ein kan sjå opp igjen fleire gonger, hovudsakleg på grunn av si enkelheit vil eg tru. Potensialet for at denne filmen får ein oppfølgar ser eg ikkje på som urealistisk heller. Håpet er at ein ev. oppfølgar ikkje prøver for hardt å leve opp til denne filmen.
Det er ingen tvil, dette er ein av dei betre stonerkomediane. PÃ¥ mi liste, ein topp 10 kandidat med «American Pie», «Van Wilder» (som eg synst var god!), «Dude, Where’s My Car?» og «American Pie 2». Og korleis er sÃ¥ resten av topp 10 lista mi? Vel, den er ikkje fastlagt endÃ¥, sÃ¥ det er ikkje godt Ã¥ sei.
8/10
IMDb: 7.0/10 (64,220 votes)
Mykje betre enn episode 1. Anakin Skywalker er no blitt 10 år eldre, og etter kvart som tiden går så blir tankane hans mørkare og mørkare. Han når ikkje heilt den mørke sida endå.
Eg klarte ikkje vente på episode 3 til å komme på kino, så eg kjøpte eit teikneseriealbum til den oppkommande filmen, så eg veit litt. Noko som gjer at eg har endå meir lyst å sjå den.
6/10
IMDb: 6.4/10 (84,817 votes)
Ein oppfriskingsrunde med dei to første episodane før premiere på den tredje i Star Wars serien. Det er lenge sidan eg såg denne filmen, så lenge at eg nesten hadde gløymt det heilt. På ein måte ein fin ting, så fekk eg ei ny oppleving ved å sjå den igjen.
Det er ein likandes film, ikkje den beste i serien, men ikkje den verste heller. Jar Jar Binks derimot, han er noko av det verste, for ein irriterande og grusom skapning. George Lucas kunne sett seg tent med å redigere ei ny utgåve av filmane utan Binks i. No gledar eg meg berre til å sjå episode 2, som eg hugsar var ein betre film.
7/10