22 episodar.
Opprinneleg opna eg posten her med å stille meg sjølv spørsmålet om kvifor den siste episoden vart kalla «Leave It to Beaver». Etter å ha sett sesong 2 har det gått opp for meg.
Tilbake til fortiden, og sesongavslutninga. Jøssesemegen for ein god episode, og eg må få åtvare mot spoilers vidare i posten, her blir det avslørignar av hemmelegheitar i fleng. Etter å ha gått sidan i haust og venta på svar på litt av kvart, er no så mange av brikkene på plass at eg kan henge pusespelet på veggen.
Mordaren var ikkje den eg tenkte det kunne vere i heile tatt. Avsløringa her er ein viktig del av episoden. Men andre ting tek plass her og. Det at Keith faktisk er den ekte faren til Veronica, noko som betyr at Veronica ikkje er Duncan si søster, det føles godt å vite. Serien hadde ikkje hatt råd til å misse Keith i sin posisjon. Her er også ein liten cliffhanger når det gjeld mora til Veronica, som tek pengane Keith/Veronica tente på å finne Duncan.
Mot slutten av episoden er det nokon som bankar på døra til Veronica. Og når ho opnar døra og ser kven det er, noko me ikkje gjer, så seier ho «I hoped it was you». Så, kven var dette? Eg gjettar Wallace, men det kan vere Lilly? Kanskje Veronica har blitt gal? Eller det kan vere Duncan eller Logan.
Etter episoden er nok ikkje Kane-familien ein så viktig del av serien. Eg veit rett og slett ikkje kva som vil bli viktig utover, neste sesong vil kanskje innhalde ei rettsak mot Aaron Echolls, ein mindre leiteaksjon etter Veronicas mor. I tillegg treng Veronica ein ny kjærast, for kjærleiken er viktig! Så lenge det ikkje blir såpete.
For dei som ikkje har sett «Veronica Mars», og likevel lest dette, så vil eg anbefale å få hand på serien på ein eller anna måte, ved å sjå reprisar eller kjøpe DVDen etter kvart.
(0 hittil)