IMDb: 7.5/10 (4,909 votes)
Også kjent som «Man Bites Dog». Opphypa og kjedeleg. Kanskje litt fin å tenke tilbake på enkeltscener, men når eg såg filmen holdt eg på å sovne. Desse to tinga rimar ikkje heilt, eg veit, men det var slik eg kom ut av det.
På ei anna side trur eg og dette er ein typisk film mange føler dei bør like, på grunn av kultstatusen den har fått.
5/10
22 episodar.
I byrjinga såg eg ikkje meir enn eit par episodar for dagen, men etter kvart klarte eg ikkje stoppe, og eg måtte berre sjå alt eg hadde tid til. Førsteinntrykket mitt var som det gjerne er med TV-seriar, at skodespelarane ikkje var meir enn heilt greie, men dette hadde ingenting å sei etterkvart. Nokon er sjølvsagt flinkare enn resten, men det er noko med at ein blir van med ein person i ei viss rolle.
Alle episodane var interessante, spesielt den siste fekk meg til å sitje på høgkant. Eg veit ikkje om eg har sett nokon av episoden i dei to neste sesongane før, men eg hugsar vagt noko herifrå.
IMDb: 4.0/10 (3,135 votes)
Kanskje nesten OK til å drepe tid med, ingenting meir iallfall. Det starta ganske greitt, men så kom snørrklysa eller sengemonsteret og eg velta ut av stolen i protest over kor dårleg det kunne bli!
4/10
IMDb: 5.2/10 (1,847 votes)
Eg er ganske fersk filminteressert, og har difor ikkje noko forhold til tidlegare Chucky-filmar. Om andre filminteresserte har det, veit eg ikkje, men sjansen er nok større for at dei har sett dei likevel. Det var fornøyeleg valdsscener, men filmen er piss tvers igjennom på alle andre område.
3/10
IMDb: 7.9/10 (7,075 votes)
Den første gongen eg såg denne, så kunne eg ikkje stoppe å le i enkelte scener. Denne gongen derimot, så hadde mykje av magien forsvunne. Den er framleis god, men enkelte scener vart litt dryge. Eg er faktisk litt skuffa over den dårlege gjensjåingsfaktoren og hadde rett og slett sett fram til noko betre! Men har du ikkje sett den, så er det gode minuttar som ventar!
7/10
22 episodar.
Nok ein god sesong av «Scrubs». Noko som kan merkast på kroppen, som har blitt litt doven dei siste dagane. Det eg likte med sesongavslutninga var at den ikkje var bygd opp som ein cliffhanger, så den set ikkje press på å måtte sjå neste episode, noko som kan vere greitt sidan eg har veldig mykje forskjellig liggande klart om dagen. Tidlegare har eg skrive om kva eg tykkjer er ei god avslutning, og kva som er ei dårleg ei. Men for ein serie som «Scrubs» bør det ikkje vere noko tåredryppande sesongslutt, for det er jo komedie!
Etter å ha fullført denne serien no har eg berre første sesong igjen. Eg har det dessutan litt moro meg med sjølv når eg tenker på at eg har sett sesongane i omvendt rekkefølge. Eg trur ikkje det har hatt noko å sei. Eg slepp å tenke på kva som skjer i neste sesong, sidan eg allereie veit det, og så veit eg kva som skjer i neste og neste igjen, så eg vil ikkje lure på det heller. Og etter det er ein komme så langt at hjernecellene mine ikkje vil strekke til å lure meir.
Men hei, eg kan nesten ikkje vente på sesong fem. Det blir fantastisk!
IMDb: 7.7/10 (5,672 votes)
Midt i filmen kraup ei David Lynch stemning over meg, og ei lita stund der gjekk ting rett forbi meg utan at eg forstod mykje av vitsen. Men det heile løyste seg enklare enn ein av Lynchs spesielle.
Christian Bale som den tynne og galne personen var slettes ikkje noko pent syn. Filmen er dessutan kald, men klarar å komme med poeng som gjer inntrykk. Og gjer ingen dette til ein personeleg favoritt på grunn av dei skrudde scenene, så har eg eit fullstendig feil syn på menneske. Noko må jo like dette!
6/10
IMDb: 7.3/10 (13,705 votes)
I tillegg til «The Legend of Bagger Vance» er dette ein av mine all time feel-good-filmar. Gus Van Sant har servert nok gode filmar på fatet mitt til at eg får lyst til å sjå resten.
Dette var ikkje første gongen eg såg filmen, og med tanke på det rolege tempoet var det ein sjanse å ta for at filmen skulle fenge like bra no. Men dette er kvalitet. Sean Connery er på kanten, eg veit ikkje om eg kan heilt godta spelemåten hans på den avdanka forfattaren me møter her.
Oppfølgarar til denne type film er svært sjeldan, men eg kunne godt tenke meg ein likevel.
8/10
IMDb: 5.7/10 (1,573 votes)
Utan Bernie Mac hadde denne filmen fort hamna i søppelbøtta, om det var mi plate eg hadde sett den frå. Med han så det går greitt, filmen har sine små augeblikk. Den hamnar likevel under middels. Mac puttar kanskje «e» tilbake i «lag» (the «I» in «team»), men det blir ikkje nok sportfølelsar i denne filmen.
Så det er ein heilt grei komedie, som i det minste knuser «Are We There Yet?» ned i støvlane, men når den likevel ikkje klarar å komme seg forbi «Hitch», så er det ikkje verdt å bruke eigne pengar på dette.
6/10
IMDb: 6.8/10 (8,607 votes)
Filmtraileren verka god, plakaten dårleg, og sjølve filmen er bra! Ein av dei betre romantiske komediar eg har sett siste tiden. For eg har ingenting i mot romantiske komediar, iallfall ikkje dei som faktisk er komiske.
Filmen innehar vel ingenting nytt, og har ei dum fortellarstemme — som er tankane til hovudpersonen, og ytrar bÃ¥de moral og hjelpande tips. Men i denne samanhengen gjekk det. Will Smith spelar Hitch sÃ¥ godt som Will Smith kan spele ein fyr i ein romantisk komedie. Noko er sjølvsagt berre idiotisk, men det kjem heldigvis i skuggen av dei betre delene. I tillegg er det ein del andre kjente ansikt her, som er greitt i ein slik film. Eva Mendes og ikkje minst Kevin James («The King of Queens»), pluss ein haug med folk eg ikkje hugsar eller har lært namnet pÃ¥.
5/10