Hitch (2005)
User Rating: 6.8/10 (8,607 votes)
Filmtraileren verka god, plakaten dårleg, og sjølve filmen er bra! Ein av dei betre romantiske komediar eg har sett siste tiden. For eg har ingenting i mot romantiske komediar, iallfall ikkje dei som faktisk er komiske.
Filmen innehar vel ingenting nytt, og har ei dum fortellarstemme - som er tankane til hovudpersonen, og ytrar både moral og hjelpande tips. Men i denne samanhengen gjekk det. Will Smith spelar Hitch så godt som Will Smith kan spele ein fyr i ein romantisk komedie. Noko er sjølvsagt berre idiotisk, men det kjem heldigvis i skuggen av dei betre delene. I tillegg er det ein del andre kjente ansikt her, som er greitt i ein slik film. Eva Mendes og ikkje minst Kevin James (The King of Queens), pluss ein haug med folk eg ikkje hugsar eller har lært namnet på.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.