Roswell sesong 1
22 episodar.
I byrjinga såg eg ikkje meir enn eit par episodar for dagen, men etter kvart klarte eg ikkje stoppe, og eg måtte berre sjå alt eg hadde tid til. Førsteinntrykket mitt var som det gjerne er med TV-seriar, at skodespelarane ikkje var meir enn heilt greie, men dette hadde ingenting å sei etterkvart. Nokon er sjølvsagt flinkare enn resten, men det er noko med at ein blir van med ein person i ei viss rolle.
Alle episodane var interessante, spesielt den siste fekk meg til å sitte på høgkant. Eg veit ikkje om eg har sett nokon av episoden i dei to neste sesongane før, men eg hugsar vagt noko herifrå.
