Filmdagbok
ness
11-jun-2005

Are We There Yet? (2005)

Are we there yetUser Rating: 3.6/10 (1,466 votes)

Familiekomedie, ein skummel ordsamansetning. Eg tykkjer nesten synd i her, for eg likte verkeleg «Barbershop»-filmane, men fyren har gjort meir enn eit dårleg val.

Dette er ein road trip-film for dei yngre, om ein vil servere yngre slikt tull. Sikkert mest retta mot den svarte amerikanske befolkninga, sidan alle her er svarte. Så det kan jo hende det fungerar for den målgruppa.

Ok, eg skal innrømme, filmen hadde eit par akseptable scener. Det er berre det at eg ikkje kan hugse nokon av dei i alt det elendige og klisjeoverfylte her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-jun-2005

The Virgin Suicides (1999)

Virgin SuicidesUser Rating: 7.2/10 (17,953 votes)

Høgkvalitetsfilm, den her mange gode spørsmål, er delvis i det depressive hjørne og serverar solide poeng. For meg var det kanskje ein smule for mykje spørsmål, eg klarte ikkje å la meg underholde til det ytterste. Men eg angrar ikkje på å ha sett den, tvert imot.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-jun-2005

Alfie (2004)

AlfieUser Rating: 6.0/10 (3,892 votes)

Grei film. Men kva handlar den eigentleg om, eller betre spurt, kva vil den? Eg hadde også forventa ein anna slutt etter alt det som skjedde.

Filmen er ikkje direkte dårleg, den er enkel og ein kan verkeleg slappe av ved å sjå den. Sett at du ikkje hatar Jude Law sitt ansikt. Eg synst filmen var grei som komedie med litt drama og romantikk, og likar du den blandinga så vil nok dette fungere for deg og.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10