Archive for juli, 2005

Interstella 5555: The 5tory of the 5ecret 5tar 5ystem (2003)

søndag, juli 31st, 2005

IMDb: 7.8/10 (625 votes)

5555Eg er ikkje nokon hardbarka Daft Punk fan, men dette albumet har eg hatt ein del glede av å høyre innimellom. Ikkje alle songane gjer seg like bra til filmen, og det blir nokre kjedelege stunder innimellom. Men som ei heilheit så er denne old-school inspirerte animeen ei fin historie, likevel om det ikkje er noko dialog her.

6/10

Roswell sesong 3

søndag, juli 31st, 2005

18 episodar.

Roswell ses 3Det var det, «Roswell». Ei rar kjensle av å legge siste DVD ned igjen i pakningen. Den siste sesongen var nok ein liten skuffelse, men framleis underhalding verdt pengane, med tanke på at eg brukte rundt 150 kr på sesongboksen.

Eg er litt skuffa over siste episode, serien hadde fortent ei betre avslutning, og ikkje ein episode som stod i stil med den fallande kvalitet på episodane i sesong 3 generelt. Etter 3 sesongar, ein veldig god, ein nesten veldig god og ein grei, så fortenar «Roswell» ein slutt med fleire svar, og ein lykkeleg slutt på anna vis enn dette.

Eg likar/likte (alt etter som) denne serien veldig godt, kanskje ikkje den beste eg har sett, men likevel. Siste episode gav meg ei rar kjensle eg ikkje satte heilt pris på, og det er litt surt å tenke på at serien faktisk blei avslutta for 3 år sidan, og at det er null sjanse å få sjå meir. Skal eg vite kva som skjer vidare, må eg eventuelt lese bøkene som kom etter serien, men eg har høyrt dei ikkje er anna enn heilt greie dei og.

Duplex (2003)

fredag, juli 29th, 2005

IMDb: 5.6/10 (4,828 votes)

DuplexEg hatar gamle damer på film som berre skal drive med faenskap, som Mrs. Connelly i denne filmen. Hadde eg hatt ein kniv og vore der! Og eg blir frustrert av slike situasjonar som Alex og Nancy befinn seg i her. Dette var ein svak komedie frå Ben Stiller sitt rulleblad.

5/10

Tripping The Rift sesong 1

fredag, juli 29th, 2005

13 episodar.

Tripping the Rift ses 1OK, ikkje mindre, ikkje meir, animert sci-fi komedie. Kule karakterar, flotte parodiar og meinigslaus humor. Dataanimasjonen er litt gammaldags, men gir eit teikneserieaktig uttrykk over det heile.

The Doors (1991)

torsdag, juli 28th, 2005

IMDb: 6.7/10 (10,851 votes)

The DoorsEin god film om Jim Morrison og The Doors, eit av favorittbanda mine, så det skulle berre mangle at eg ikkje skulle sjå denne filmen. Val Kilmer spelar sjefen sjølv, og det på ein god måte. Historien er godt miksa opp, og sidan Morrison var ein veldig fargerik karakter så er grunnlaget for ein dramatisk film god.

Musikken er sjølvsagt topp kvalitet, og om deler av filmen ikkje er ekte vare, så er det iallfall godt reprodusert. Eit must for fans av The Doors.

8/10

That ’70s Show sesong 2

onsdag, juli 27th, 2005

26 episodar.

That 70s Show ses 2Ferdig med første sesong satte eg i gang med andre, og no er eg alt ferdig med den og. Og sidan slutten her var rimeleg open, så må eg nok gi meg i kast med neste veldig snart. Dersom eg ikkje bør kvile hjernecellene mine litt: «Too much fun makes braincells run». Uansett, dette er ein fin sesong.

Batman Begins (2005)

tirsdag, juli 26th, 2005

IMDb: 8.3/10 (46,472 votes)

Batman BeginsLike god som første gongen. Ein fin film.

7/10

Madagascar (2005)

fredag, juli 22nd, 2005

IMDb: 6.4/10 (5,765 votes)

MadagascarNår eg i ettertid såg kven som hadde stemmene til dyra i filmen, så gjekk fleire ting opp for meg, for dyra er laga til stemmene. Sacha Baron Cohen som Julien og Ben Stiller som Alex.

Ein grei komedie, fin animasjon og småmorosam. Pingvinane er mine soleklare favorittar her, ingen tvil om det. Giraffen Melman, med David Schwimmer som stemme, er også ein fin karakter. Drinkane av saltvatn, dansinga i jungelen, det er meir enn ein grunn til å sjå denne filmen. Og Chris Rock som sebraen Marty — rocks!

5/10

Roswell sesong 2

mandag, juli 18th, 2005

21 episodar.

Roswell ses 2Eg skal sei det som det er, og viss du ikkje vil vite noko, må du ikkje lese vidare. Romskipet er reist mot heimplaneten og Max, Michael og Isabel reiste ikkje med det. Ingen overrasking, med tanke på at sesong 3 står i hylla og ventar på meg. Tess derimot, reiste, noko som er like greitt, eg likte aldri karakteren særleg.

Det ser ut som Max og Liz blir i lag igjen. Det skjedde litt fort, men la gå. Mine tankar går meir til kva som vil skje med Kyle og Isabel. Kva vil skje i løpet av neste sesong? Vil Max leite etter sonen sin, så dei kan etablere kontakt med heimplaneten på noko vis? Og nokon på jorda må ha sett romskipet når det reiste. Med dette er me på ein måte tilbake til menneskets jakt på romvesen igjen, som i første sesong med Pierce. Det er min ide om kvifor serien aldri fekk meir enn tre sesongar: «The show’s on repeat, the show’s on repeat.» Men hei, eg har ikkje starta med neste sesong endå, så eg veit jo ingenting. Så lenge det ikkje er identiske episodar med det eg har sett, så vil eg nok like det.

Scrubs sesong 1

mandag, juli 18th, 2005

24 episodar.

Scrubs ses 1Wow, siste «Scrubs»-episode på ei god stund. No er det berre å sette seg ned å vente til femte sesong startar å gå på TV. Eg tenkte aldri på det undervegs, fordi eg var så oppslukt, men eg trudde aldri eg skulle bli ferdig med serien.

Mitt første møte med serien var gjennom ein episode midt i sesong 4. Eg likte det så godt at eg starta å sjå frå byrjinga av sesongen, men sidan den ikkje var ferdig å gå på TV, tok eg steget tilbake til sesong 3. Årsaka var enkel, eg var redd for at det ville øydelegge å hoppe for lang bak i tid, så dette blei den første sesongen eg gjorde ferdig. Ikkje mange dagane etter blei siste episode av fjerde sesong sendt, og det var på tide å ta endå eit steg tilbake. Andre sesong blei sett på ei veke, og det tok berre eit par veker før eg satte meg den med denne sesongen.

Dei siste orda om serien på ei stund vil vere: Dette er min favoritt TV-komedie, og dei rundt rekna 32 timane eg har brukt på dei fire sesongane har vore vel verdt det. Gi meg no min femte sesong!