Garden State (2004)
God film med godt lydspor! Sist gong eg såg filmen hadde eg ingen erfaring med Zach Braff, som spelar ein viktig karakter i tv-serien «Scrubs». Så for meg, den gongen, var han ein heilt ny småkul skodespelar. Og eg fall fullstendig for filmen, som har gjort sitt til at eg i ettertid har hatt veldig lyst å sjå den igjen.
Så no, etter å ha vore hekta på «Scrubs» ein periode, var tida inne. Filmen leverar framleis gode varer, Zach Braff er blitt ein skodespelar eg kjem til å følge med vidare, og klarar å skape så stor avstand til rolle han gjer i «Scrubs» at eg ikkje har noko å klage på.
Filmen er litt langsom, og krev tålmodigheit for å sjå. Sjølv kan eg like dette, om det ikkje blir for langsomt og går over til å bli kjedeleg. Men eg følte verken det gjekk den vegen eller over mot å bli ein billeg romantisk komedie.
Dette er ein film du absolutt bør sjå, så gå og kjøp DVD-en.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

