Roswell sesong 3
18 episodar.
Det var det, «Roswell». Ei rar kjensle av å legge siste DVD ned igjen i pakningen. Den siste sesongen var nok ein liten skuffelse, men fortsatt underhalding verdt pengane, med tanke på at eg brukte rundt 150 kr på sesongboksen.
Eg er litt skuffa over siste episode, serien hadde fortent ei betre avslutning, og ikkje ein episode som stod i stil med den fallande kvalitet på episodane i sesong 3 generelt. Etter 3 sesongar, ein veldig god, ein nesten veldig god og ein grei, så fortenar «Roswell» ein slutt med fleire svar, og ein lykkeleg slutt på anna vis enn dette.
Eg likar/likte (alt etter som) denne serien veldig godt, kanskje ikkje den beste eg har sett, men likevel. Siste episode gav meg ei rar kjensle eg ikkje satte heilt pris på, og det er litt surt å tenke på at serien faktisk blei avslutta for 3 år sidan, og at det er null sjanse å få sjå meir. Skal eg vite kva som skjer vidare, må eg eventuelt lese bøkene som kom etter serien, men eg har høyrt dei ikkje er anna enn heilt greie dei og.
